Uralfjella (russisk Уральские горы, Uralskije gory) er ei fjellkjede som går om lag frå nord til sør gjennom vestlege delar av Russland. Dei vert vanlegvis rekna som den naturlege grensa mellom Europa og Asia.

Geografi Uralfjella strekkjer seg 2500 km frå Den kasakhstanske steppa nord i Kasakhstan til kysten av Nordishavet. Øya Vajgatsj og Novaja Zemlja er ei fortsetjing av fjellkjeda. Geografisk markerer fjellkjeda den nordlege delen av grensa mellom Europa og Asia. Det høgaste fjellet er Gory Narodnaja (Poznurr, 1895 moh). Erosjon har ført mykje mineral opp i dagen, mellom anna edelsteinar som topas og beryll. Urskogen i Komi nord i Uralfjella er ein verdsarvstad. 68 % av Uralfjella ligg i Russland, medan resten ligg i Kasakhstan.Ural Mountains - Peakbagger.com Geografar har delt Uralfjella inn i fem regionar: Sør, Midtre, Nord, Subarktisk og Arktisk. Tregrensa går frå 1400 meter over havet i sør og gradvis nedover nordover i fjella. Delar av fjella i sørlege og midtre regionar er heilt dekte av skog.

Etymologi mini|venstre|Landsbyen Koltsjedan i Uralfjella i 1912 Uralfjella er kalla opp etter det uralske folket som ein gong levde nord i Asia. Uralane var jegerar og samlarar, men mangelen på ressursar gjorde at dei flytta og spreidde seg over Asia. Ein annan teori er at ordet Ural har tyrkisk opphav og tyder eit steinbelte.The Urals og Western Siberia in the Bronze og Iron Ages - Cambridge University Press

Geologi

Uralfjella er av dei eldste bevarte fjellkjedene i verda. Med ein alder på 250 til 300 millionar år er fjella uvanleg høge. Dei vart danna i sein karbon då det vestlege kontinentet Siberia kolliderte med det austlege Baltica (som hang saman med Laurentia (Nord-Amerika) og danna det mindre superkontinentet Euramerika) og Kasakhstania. Saman danna dei superkontinentet Laurasia. Seinare kolliderte Laurasia og Gondwana og danna superkontinenetet Pangaea, som etter kvart delte seg i kontinenta ein kjenner i dag. Europa og Sibir har vore saman sidan den gong. mini|Kart over Uralfjella Uralfjella vart først gong studert systematisk av den russiske mineralogen Ernst Karlovitsj Hofmann (1801-1871) frå St. Petersburg Universitet. Han reisten tusenvis av kilometer gjennom Uralfjella frå 1828 og samla inn store mengder mineral som gull, platina, magnetitt, ilmenitt, perovskitt, rutil, kromitt, krysoberyll, kvarts, zirkon, uvarovitt, fenakitt, topas og beryl.

Uralfjella har store førekomstar av gull, platina, kol, jern, nikkel, sølv, olje og andre mineral.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ural Mountains» frå , den 4. september 2008. oppgav desse kjeldene: E. K. Hofmann

Bakgrunnsstoff

Fem delar av Uralfjella

Galleri

Kategori:Fjellkjeder i Russland Kategori:Novaja Zemlja