Sulevatnet er eit vatn som ligg mellom toppane Sulefjellet, Høgeloft og Skoddetinden i området Filefjell. Vatnet ligg på grensa mellom Vang kommune i Innlandet, Hemsedal kommune i Buskerud og Lærdal kommune i Vestland.

Nordvest for Sulevatnet ligg Sulefjellet og Suletinden, på nordsida av desse ligg Øvre og Nedre Sulevatnet og Tyskertjerni, og noko lengre nord Tyinkrysset. Sørvest for Sulevatnet har ein Høgeloftet. I søraust går dalføret Kljådalen nedover mot Hemsedal, og i aust og ned ei bratt li ligg Grønndalsbottvatnet og Fossegrov. På aust- og nordsida av Sulevatnet finn ein Skoddetinden og Storeknippa.

Sulevatnet har utløp mot Steintjerni inn i Lærdal kommune og vidare nedover mot Oddedalen og mot Maristova nede i Lærdal.

Kategori:Innsjøar i Buskerud Kategori:Innsjøar i Vestland Kategori:Innsjøar i Vang Kategori:Geografi i Hemsedal Kategori:Geografi i Lærdal Kategori:Lærdalsvassdraget Kategori:Reservoar i Vestland Kategori:Reservoar i Innlandet