Klaus Heinrich Thomas Mann () var ein tysk-amerikansk tyskspråkleg forfattar.
Klaus Mann var son av Katia Pringsmann og den tyske forfattaren og nobelpristakaren Thomas Mann. Klaus starta sin litterære løpebane under Weimarrepublikken, og var å rekne som ein outsider ved å omhandle tabulagde tema: i sitt første, svært suksessfylte skodespel, Anja und Esther (uroppført 1925), skreiv han om lesbisk kjærleik og etter at han sjølv var «ute av skåpet», om mannleg homofili i romanen Der fromme Tanz.
Mann emigrerte i 1933. Frå eksiltilværet i USA gjorde han ein nyorientering av verktematikken, og blei ein av dei litteratane som kjempa mot nasjonalsosialismen. Han fekk amerikansk statsborgarskap i 1943. Verka hans blei nyoppdaga i Tyskland fleire år etter at han var død. I dag blir Klaus Mann rekna som ein av dei viktigaste representantane for den tyskpråklege eksilliteraturen etter 1933.
Verk på norsk Mefisto : roman om en karrière, Oktober forlag, Oslo 1983, 1995. Omsett frå tysk av Ådne Goplen, etterord av Odd Eidem ISBN 82-7094-679-6 Vendepunktet : en livshistorie, Oktober forlag, Oslo 1994, 2001. Omsett frå tysk av Sverre Dahl ISBN 82-495-0014-8
Bakgrunnsstoff
Die „Mann twins“, Werbefoto aus den USA, 1927 ub.fu-berlin.de , lenkesamling ved biblioteket til Freie Universität Berlin Uwe Naumann til Klaus Manns 100-årsdag i Die Zeit, nr. 47/2006 Klaus Manns dagbøker (1931–1949) komplett online , monacensia-digital.de
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå München Kategori:Tysk-amerikanarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet