Poitou-Charentes er ein tidlegare fransk region som låg vest i landet. Han blei skapt av i 1956 av dei eldre regionane Poitou, Angoumois, Saintonge og Aunis. Han omfatta departementa Charente, Charente-Maritime, Deux-Sèvres og Vienne. I 2016 blei han del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.

Til forskjell frå mange andre regionar i landet har han ei kort historie og lite regionalt særpreg. Poitiers blei vald til regionshovudstad framfor dei jamstore byane La Rochelle og Angoulême fordi han hadde eit universitet.

Byar Angoulême Châtellerault La Rochelle Niort Poitiers Rochefort Saintes

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare regionar i Frankrike Kategori:Skipingar i 1956 Kategori:Nedleggingar i 2015