Annette von Droste-Hülshoff () var ein tysk forfattar og komponist, rekna som ei av dei viktigaste tyske kvinnelege poetane.

Liv og virke mini|upright|Annette von Droste-Hülshoff, daguerreotypi. Eit av to fotografi tatt i 1845.

Annette von Droste-Hülshoff vart fødd på Burg Hülshoff ved Münster. Ho var dotter av Clemens August von Droste-Hülshoff og Therese von Haxthausen, og blei fødd inn ei gammal westfalisk katolsk adelsætt.Biografi på balladen.de, henta 26. mars 2013etter andre kjelder 12. eller 14. januar, til dømes i Biografi i Lexikon Westfälischer Autorinnen und Autoren, henta 27. mars 2013I ei vitskapeleg avhandling av August Schröder i Beiträgen zur Westfälischen Familienforschung, bind 33–35, 1975–1977 blir 14. januar rekna som mest sannsynleg. Ho levde eit tilbaketrekt og avgrensa liv, men arbeidde tidleg målretta mot å skape stor kunst.

På vegen mot å bli ei viktig forfattarinne dreiv ho ei tid samstundes som musikar og komponist. Musikkerfaringa blei av stor vekt for diktargjerninga ved at den hjelpte henne til å utvikle språkmelodi og verserytme.

I Gedichte (1844) syner ho seg som si tids største kvinnelege lyrikar, sjølv om ho litterært var framom si eiga tid og fekk vente lenge på anerkjenninga.

Annette von Droste-Hülshoff døydde på Burg Meersburg i Meersburg. Ho er gravlagd på Meersburger Friedhof.

Verk Gedichte. Aschendorffsche Buchhandlung, Münster 1838. Die Judenbuche. (Novelle utgjeve i tidsskriftet Morgenblatt für gebildete Stände) 1842. Droste-Hülshoff, Annette Freiin von: Gedichte. Cotta´scher Verlag Stuttgart 1844. Westfälische Schilderungen. 1845. Das geistliche Jahr. (diktsyklus), 1818–1820 / 1839–1840 (gutenberg.spiegel.de). Der Knabe im Moor. (Ballade).

Referanser

Bakgrunnsstoff

Droste-Hülshoff, gutenberg.spiegel.de LWL-Literaturkommissions Droste-Portal Lenkesamling, Universitätsbibliothek der Freien Universität Berlin Dikt, wortblume.de Droste-Hülshoff, fembio.org Nach100jahren.de – litterært webprojekt om Annette von Droste-Hülshoff

Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske komponistar Kategori:Folk frå Westfalen