Hannibal Sehested () var ein dansk statsmann og greve som var statthaldar i Noreg og rigsskatmester i Danmark (tilsvarande finansminister).
Sehested gifta seg med dottera til kong Kristian IV av Danmark-Noreg og Kirsten Munk, Christiane, den 6. november 1642. Allereie i 1636 vart han forlova med den då ti år gamle kongsdottera. Han gifta seg med henne kort tid etter utnemninga si til statthaldar i Noreg i 1642.
Sehested var ein gåverik «renessanseperson», dristig og maktlysten som politikar. Samstundes syrgde han for å skaffa seg pengar og status. Han fekk mest innverknad i Noreg. I fredstid gjorde han stort organisatorisk arbeid for å fremja næringslivet og forbetra styringsverket. Mellom anna er Sehested rekna som grunnleggjar av eit norsk postvesen. Den 16. januar 1647 oppretta han faste postruter sør i Noreg.
Han prøvde å skaffa Noreg og dermed seg sjølv mest mogleg fridom i høve til Danmark. Svigerfar hans, kongen, gjekk med på mykje av dette. Sehested fekk motstand frå svogeren Corfitz Ulfeldt og det danske Riksrådet.
Kjelder Dansk Biografisk Haandleksikon
Denne artikkelen bygger på «Hannibal Sehested» frå , den 11. oktober 2005.
Bakgrunnsstoff Litt om norsk posthistorie (og Sehested)
Kategori:Danske politikarar Kategori:Elefantordenen Kategori:Norske statthaldarar