Joan Manuel Serrat i Teresa () er ein spansk musikar, songar og låtskrivar. Han er rekna som ein av dei viktigaste figurane i moderne populærmusikk på både spansk og katalansk.
Den lyriske stilen til Serrat er påverka av driktarar som Mario Benedetti, Antonio Machado, Miguel Hernández, Rafael Alberti, Federico García Lorca, Pablo Neruda og León Felipe. Han har også spelt inn songar av Violeta Parra og Víctor Jara. Serrat var ein av pionerane for den såkalla Nova Cançó på katalansk (spansk Nueva Canción). Joan Manuel Serrat er også kjend som «El noi del Poble-sec» og «El Nano».
Eurovision Song Contest 1968 Serrat vart vald ut til å framføre «La, la, la» i Eurovision Song Contest 1968 i London i Storbritannia. Han ville framføre songen på katalansk, men spanske styresmakter og den spanske diktatoren Francisco Franco var imot idéen. Serrat nekta å framføre songen på spansk og vart dimed bytta ut med Massiel. Massiel vann seinare tevlinga med den spanskspråklege versjonen av «La, la, la».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joan Manuel Serrat» frå , den 8. mars 2013.
Kategori:Spanske songarar Kategori:Katalanskspråklege songarar Kategori:Spanske låtskrivarar Kategori:Folk frå Barcelona Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar