Delay 1968, eller berre Delay (som SACD-versjonen heiter) er eit samlealbum med dei tidlegaste opptaka til Can med songaren Malcolm Mooney. Han inneheld mellom anna songen «Thief», som sidan vart spelt av Radiohead.At Ease Radiohead
Holger Czukay har sagt at Delay 1968 opphavleg var tenkt som det første albumet til bandet og skulle hatt tittelen Prepared to Meet Thy PNOOM («Pnoom» er namnet på det andre sporet på albumet, ein 27 sekund lang saksofoninstrumental, spelt inn som ein del av deira Ethnological Forgery Series). Då ingen plateselskap ville gje ut plata, valde Can å spele inn eit meir tilgjengeleg album. Dette vart debutalbuma deira Monster Movie i 1969.Holger Czukay's Short History of the Can Delar av Delay 1968 sirkulerte som piratkopiplater i fleire år under namnet Unopened, og inneheldt andre songar spelt inn under dei same innspelingane. Desse kom sidan ut på andre samlealbum.
Innhald
Medverkande Holger Czukay – bass Michael Karoli – gitar Jaki Liebezeit – trommer, perkusjon Irmin Schmidt – klaverinstrument Malcolm Mooney – vokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Delay 1968» frå , den 8. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Can-album Kategori:Samlealbum frå 1981