Yves Chauvin () er ein fransk kjemikar og nobelprisvinnar. Han er medlem av det franske akademiet for vitskap og æresdirektør for forsking ved Institut français du pétrole (IFP, det franske oljeinstituttet).

mini|venstre|Nobelprisvinnarane i kjemi for 2005: Richard R. Schrock, Yves Chauvin og Robert H. Grubbs.

I 2005 blei han tildelt Nobelprisen i kjemi saman med Robert H. Grubbs og Richard R. Schrock for arbeid dei hadde gjort på 1970-talet med olefinmetatese. Chauvin har uttalt at han ikkje vil koma til overrekingsseremonien ettersom forskinga blei utført for over tretti år sidan og resultata blei oppnådde ved hjelp av vidare arbeid frå dei amerikanske kollegene hans.

Bakgrunnsstoff Presentasjon ved det franske vitskapsakademiet (fransk) Nobelpreisträger findet Auszeichnung peinlich (tysk, spiegel.de) (en) Recent works CNRS CPE-Lyon laboratory (fr) Travaux recents au LCOMS CNRS CPE-Lyon

Kategori:Franske kjemikarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Kjemikarar frå 1900-talet Kategori:Kjemikarar frå 2000-talet