Mount Frödin er eit fjell i Antarktis på kring 600 moh. som ligg 0,5 nautiske mil aust-søraust for Waterboat Point i Paradise Harbor på Danco Coast i Antarktis. Fjellet vart opphavleg kalla «Mount Lunch-Ho!» av T.W. Bagshawe og M.C. Lester, fordi dei åt lunch på toppen av fjellet i 1921, første gongen det vart klatra. Det fekk nytt namn av Den chilenske antarktisekspedisjonen (1950–51) etter den svenske ingeniør Bertil Frödin, som gjorde geologiske og glasiologiske undersøkingar på ekspedisjonen.

Kjelder

Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Danco Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter svenskar