Ohio Range er ei fjellkjede i Dei transantarktiske fjella i Antarktis. Ho er kring 48 km lang og 16 km brei som strekkjer seg frå nordaustover frå Eldridge Peak til Mirsky Ledge. Fjellkjeda strekkjer seg ut til Horlick Mountains og består hovudsakleg av eit stort snødekt platå med bratte sider på nordsida og fleire flate ryggar og fjell. Det høgaste fjellet er Mount Schopf (2990 moh).
Fjellkjeda vart kartlagd i 1958-59 av USARP Horlick Mountains Traverse, og vart undersøkt i 1960-61 og 1961-62 av geologar frå Institute of Polar Studies ved Ohio State University, som fjellkjeda er kalla opp etter.
Sentralt i fjellkjeda ligg Buckeye Table, eit platå, som er 19 km langt og 3 til 8 km breitt. Av fjell i fjellkjeda finn ein Discovery Ridge, Eldridge Peak, Mount Glossopteris (2865 moh), Iversen Peak, Mirsky Ledge, Quartz Pebble Hill, Mount Schopf (2990 moh) og Urbanak Peak.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ohio Range» frå , den 28. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Marie Byrd Land