mini|Antônio Carlos Jobim, som er blitt kalla far til bossa nova, og tekstforfattaren Vinicius de Moraes. Bossa nova er ein musikktype som utvikla seg i Rio de Janeiro på slutten av 1950-talet. «Bossa nova» eller 'ny måte' viser til at stilen er ein ny måte å spela brasiliansk samba på; samba med jazztonar.
Stilarten hadde ei stordomstid i Brasil frå slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet, fram til dei politiske omveltingane som enda i militærkuppet i 1964. Stilarten blei svært populær også i enkelte amerikanske jazzmiljø, og fleire bossa nova-songar blei del av standardrepertoaret i jazz. Antônio Carlos Jobim, João Gilberto, Astrud Gilberto, Stan Getz, Herbie Mann, Laurindo Almeida, Frank Sinatra og Ella Fitzgerald er kjente representantar for stilen.
Historie
Omgrepet «bossa nova» blei fyrst brukt i songen «Desafinado» av Antônio Carlos Jobim, spelt inn av João Gilberto i 1959. Det store gjennombrotet for sjangeren kom med låten «Garota de Ipanema», også kjent som «Girl from Ipanema» i 1962. I dag er det verdas andre mest spelte låt (etter «Yesterday» av the Beatles).
På 1960-talet blei sjangeren knytt til sosial protest.
Som protestmusikk blei sjangeren overskugga av den meir politisk orienterte stilarten musica popular brasileira.
Musikk
Det musikalske grunnlaget i bossa nova er ein gitarrytme som tar i bruk rytmiske element frå perkusjonsinstrumenta i eit sambaorkester. Spelet på basstrengene følgjer rytmen til den store surdo-tromma, medan rytmane til dei mindre sambainstrumenta (spesielt tamborim) kan kjennast att i spelet på dei lysare strengene. Når grupper med trommesett framførar bossa nova speler dei ofte ein karakteristisk rytmefigur som liknar på claves-rytmen som kantslag på skarptromma.
Det harmoniske forløpet i musikken inneheld kjente jazz-progresjonar, men ofte med nokre særeigne trekk. Fleire av harmoniseringane til Jobim viser også innverknad frå impresjonismen og komponistane Debussy og Ravel.
Songstilen er mjukare og meir lågmælt enn i samba, gjerne med off-beat-fraseringar som kontrasterer med det rytmiske grunnlaget. Tekstane dreier seg gjerne om venleik, kjærleik, lengsel og natur.
Kjelder
Kategori:Brasilianske musikkstilar Kategori:Portugisiske ord og uttrykk