Freyberg Mountains er ei fjellkjede i Victoria Land, som grensar til Rennickbreen, Bowers Mountains, Blackbreen og Evans Neve. Det er kalla opp etter den mest kjende generalen på New Zealand, Lord Bernard Freyberg, av den nordlege gruppa til New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1963-64. Fjellet omfattar Alamein Range.
Fjell Mount Baldwin er eit fjell 9 km søraust for Smiths Bench i Freyberg Mountains. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter T.T. Baldwin, som var transportspesialist og medlem av US Antarctic Research Program (USARP) sitt Victoria Land Traverse Party som kartla området i 1959-60. Buttress Peak er ein fjelltopp ved austenden av den sentrale ryggen i Gallipoli Heights. Det skildrande namnet vart foreslått av P.J. Oliver, ein geolog i New Zealand Antarctic Research Program (NZARP) som studerte fjellet, 1981-82. Mount Jackman er eit fjell, 1920 moh, som står 14 km sør for Mount Baldwin. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter Warren A. Jackman, fotograf og medlem av USARP Victoria Land Traverse Party som kartla området i 1959-60. Mount Strandtmann er eit fjell 6 km nord for Smiths Bench. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-64. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter Russell W. Strandtmann som var biolog ved McMurdo-basen, somrane 1966-67 og 1967-68.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Freyberg Mountains» frå , den 27. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Victoria Land Kategori:Pennell Coast