Kronprins Olavfjella er ei fjellkjede i Dronning Maudfjella som strekkjer seg frå Shackletonbreen til Livbreen inst i Rossisen.

Dei vart oppdaga i 1911 av Roald Amundsen på veg til Sørpolen, og vart kalla opp etter kronprins Olav av Noreg.

Fjell Denne fjellkjeda omfattar følgjande fjell og toppar: Fjell Høgd (moh.) Koordinagar Mount Wade4084Mount Fisher4080Centennial Peak4070Mount Ray3904Mount Sellery3895Mount Oliver3800Mount Campbell3790Jones Peak3670Mount Finley3470Mount Smithson3000Allaire Peak1900

Allaire Peak Allaire Peak er ein fjelltopp som ligg 6 km nordvest for Mount Hall, mellom Goughbreen og Le Couteurbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein C.J. Allaire som var stabsoffiser for U.S. Naval Support Force i Antarktis under U.S. Navy Operasjon Deep Freeze i 1963.

Mount Campbell Mount Campbell er eit høgt fjell som ligg 5,6 km søraust for Mount Wade. Det vart oppdaga og fotografert av USAS (1939–41), og kartlagd av A.P. Crary (1957–58). Det vart namngjeve av Crary etter Joel Campbell i U.S. Coast and Geodetic Survey, og leiar for dei geomagnetiske operasjonane 1957-60.

Centennial Peak Centennial Peak er eit fjell 10,5 km søraust for Mount Wade. Det vart kartlagt av USGS frå landmålingar og U.S. Navy sine flyfoto 1960-65. Det vart namngjeve av US-ACAN til minne om hundreårsjubileet til Ohio State University i 1970. Universitetet har vore aktiv i forskinga av Antarktis sidan 1960.

Mount Finley Mount Finley er eit fjell på ryggen som strekkjer seg sørover frå Mount Wade, og ligg 8 km sørvest for Mount Oliver. Det vart namngjeve av kontreadmiral Byrd etter John H. Finley, leiar av American Geographical Society på tida under Byrd Antarctic Expedition, 1928-30.

Mount Fisher Mount Fisher er eit snødekt fjell 3 km nordvest for Mount Ray. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd på flyturane over Dronning Maudfjella i november 1929, og namngjeve av han etter Fisher-brørne, som var industrifolk i Detroit og som støtta ekspedisjonen 1928-30.

Jones Peak Jones Peak er eit hovudsakleg isfritt fjell som ligg 8 km nordvest for Mount Fisher ved toppen av DeGanahlbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter John M. Jones, leiar for komiteen for polarforsking hos United States National Academy of Sciences, 1957-1963.

Mount Oliver Mount Oliver er eit fjell på over 3800 meter over havet, som ligg 3 km søraust for Mount Campbell. Det vart oppdaga og fotografert av USAS, 1939-41. Det vart kartlagt av A.P. Crary (1957–58) og namngjeve av han etter Norman Oliver ved Air Force Cambridge Research Center, som var prosjektleiar for polarlysforsking i Antarktis 1957-60.

Mount Ray Mount Ray er eit fjell som ligg 2,4 km søraust for Mount Fisher. Det vart namngjeve US-ACAN etter Carleton Ray som var zoolog i USARP ved McMurdo Station somrane 1963-64, 1964–65 og 1965-66.

Mount Sellery Mount Sellery er eit markant fjell mellom Mount Oliver og Mount Smithson. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd under ein flytur den 18. november 1929 og kartlagd av A.P. Crary i 1957-58. Fjellet er kalla opp etter Harry Sellery i U.S. National Bureau of Standards, som var prosjektleiar for studiar av ionosfæren i Antarktis 1957-60.

Mount Smithson Mount Smithson er eit fjell på over 3000 moh. langs nordsida av Kronprins Olavfjella, 5 km aust for Mount Sellery mellom toppen av Kroutbreen og Harwellbreen. Det vart namngjeve av US-ACAN etter James Smithson, ein engelsk filantrop, som starta Smithsonian Institution.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prince Olav Mountains» frå , den 24. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Dronning Maudfjella Kategori:Fjellkjeder i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn Kategori:Oppkallingar etter Olav V av Noreg