The Billboard er ein massiv granittmonolitt i Sarnoff Mountains i Ford Ranges i Marie Byrd Land i Antarktis, like vest for Mount Rea mellom Arthur Glacier og Boyd Glacier. Fjellet vart oppdaga i november 1934 av den andre hundesledeturen til Byrd Antarctic Expedition (1933–35) under Paul Siple, og dekk dette namnet på grunn av forma og dei tilsynelatande vertikale fjellsidene som stikk opp av isen.

Toppen vart først vitja med helikopter i januar 1993 under ekspedisjonen GANOVEX VII. I 1998-99 nådde eit geologisk forskingslag frå Colorado College toppen ved å klatre opp vestsida.Bruce Luyendyk, personal communication, 2010

Toppen har ei erodert flate med ei høgd på 793 meter over havet, som er kring 700 meter over isen under. Flata manglar ein del vanlege isbreersjonsmønster.Stone, J.O., Balco, G.A., Sugden, D.E., Caffee, M.W., Sass III, L.C., Cowdery, S.G., and Siddoway, C., 2003, Holocene Deglaciation of Marie Byrd Land, West Antarctica: Science, v. 299, p. 99-102

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Billboard» frå , den 24. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Klippeformasjonar i Marie Byrd Land Kategori:Ford Ranges