«A Groovy Kind of Love» er ein popsong skriven av Toni Wine og Carole Bayer Sager for musikkforlaget Screen Gems. Han er tungt basert på rondo-satsen i Sonatina i G-dur, op. 36 nr. 5op.36 from Muzio Clementi - Public domain karakters in the IMSLP av Muzio Clementi. Songen vart først gjeven ut av Diane & Annita i 1965, men fleire versjonar har sidan gått inn på salslistene fleire stader i verda.

Tittelen på songen var ein av dei første gongane det då nye slang-ordet «groovy» var i bruk. Wine, som var 17 år gammal då ho skreiv songen sa «Carole kom med 'Groovy kinda… groovy kinda… groovy…' og me sa berre alle 'Kinda groovy, kinda groovy, kinda…' og hugsar ikkje heilt kven som kom med 'Love', men det vart 'Groovy kind of love'. Så brukte me det. Me skreiv songen på minuttar. Det var fantastisk. Det berre strøymde ut av munnane våre, og ved pianoet gjekk det lett og raskt å skrive songen».

The Mindbenders

Jack McGraw, som dreiv London-kontora til Screen Gems, meinte at Wine/Bayer Sager-songen var perfekt for den nye gruppa The Mindbenders, som spelte inn ein versjon av «A Groovy Kind of Love» i 1965. Dei likte resultatet så godt at dei kalla det første albumet sitt A Groovy Kind of Love og gav songen til radioen som debutsingelen deira. Songen nådde andreplassen i Storbritannia og oppnådde det same i USA då han vart gjeve ut der eit år seinare.

Lister LandPlasseringIrland9Storbritannia2USA2

Phil Collins

Phil Collins spelte inn ein ny versjon av «A Groovy Kind of Love» i 1988. Han hadde opphavleg foreslått songen som eit godt val for samarbeidspartneren Stephen Bishop med Collins som produsent, men valde så å spele inn songen sjølv, då han spelte i filmen Buster, som var lagt til 1960-åra.[ Allmusic: A Groovy Kind of Love (Phil Collins)] Songen vart opphavleg gjeve ut på Buster: The Original Motion Picture Soundtrack, og sidan på Serious Hits... Live!.

I motsetnad til the Mindbenders sin versjon, som var ein livleg, gitarbasert popsong, var Collins sin versjon ein langsam ballade med klaver og strykarar. Denne versjonen gjekk til topps både i USA og Storbritannia og er den einaste singelen til Collins som gjekk til topps i begge landa. Det var òg den siste singelen hans som gjekk til topps i Storbritannia. Songen nådde òg toppen av Adult Contemporary-lista i USA. For songen vart Collins nominert til Grammy Award i 1989 for beste mannlege popvokal, men tapte for Bobby McFerrin sin «Don't Worry, Be Happy».

Lister Liste (1988)PlasseringAustralia ARIA Singles Chart2Austerrike6Canada1Nederland1Finland (Suomen virallinen lista)4Frankrike15Tyskland3Irland1Italia1Noreg2Sverige5Sveits1UK Singles Chart1USA Billboard Hot 1001USA Billboard Adult Contemporary Singles1

Andre versjonar Andre versjonar av songen er spelt inn: i 1965 som B-sida til «All or Nothing» av Patti Labelle & The Blue Belles 1966 av Petula Clark 1966 med italiensk tekst ("Non c'è più nessuno") av I Camaleonti 1967 av Gene Pitney 1967 av Sonny & Cher 1970 av låtskrivaren Toni Wine 1970 av Elkie & Owen and The Rim Ram Band 1970 med italiensk tekst ("Ora che sei qui") av Remo Germani 1977 av Les Gray, tidlegare i Mud, som nådde 32. plass i Storbritannia 1983 av Doenja 1991 av den argentinske songaren Pablo Ruiz med spansk tekst kalla Espejos Azules 1993 av Neil Diamond «Look at Us», ei nyinnspeling frå 2000 av Sarina Paris «Like a Butterfly», ei nyinnspeling frå 2000 av Aba 7 2000, ein instrumentalversjon av Hank Marvin på albumet Marvin at the Movies 2001 av Dan Finnerty for filmen The Wedding Planner Richard Clayderman for samlealbumet 'The Ultimate Collection' 2002.

Songen vart spelt på fiolinar i Friends-episoden «The One with the Wedding Part 2».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Groovy Kind of Love» frå , den 10. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Labelle-songar Kategori:Phil Collins-songar Kategori:Popballadar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Debutsinglar frå 1965 Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Italia Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Sveits Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar skrivne av Carole Bayer Sager Kategori:Popsongar baserte på klassiske verk Kategori:Patti LaBelle-songar Kategori:Petula Clark-songar Kategori:Gene Pitney-songar Kategori:Sonny & Cher-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:Richard Clayderman-songar Kategori:The Mindbenders-songar