Smalahovesleppet er ein matfestival for smalahove som vert halden kvart år på Voss i månadsskiftet september–oktober.
Festivalen har meir enn berre smalahove, og under festivaldagane vert både ølbrygging, flatbrødbaking og andre mattradisjonar syna fram i Marknadsgata på Vossavangen. Festivalen har også fått sin eigen nummererte og spesialtappa Smalahoveakevitt som berre vert selt hjå Vinmonopolet på Voss.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Smalahovesleppet» frå , den 30. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
Nationen: Tradisjonsmatfestivaler – det sosiale i handelssentrum
Kategori:Kultur i Voss Kategori:Festivalar i Noreg