Franci Petek () er ein slovensk tidlegare skihoppar som representerte Jugoslavia og som er frå Jesenice. Han vart verdsmeister då han vann storbakkerennet under VM 1991 i Val di Fiemme.
Aktiv Petek oppnådde sin fyrste pallplass og einaste siger i verdscupen i skihopping då han i februar 1990 vann eit hopprenn i Engelberg, saman med Ari-Pekka Nikkola frå Finland. Eit halvt poeng bak dei to kom Peteks landsmann Primož Ulaga og austerrikaren Andreas Rauschmeier. Seinare skulle Petek få to andre- og to tredjeplassar i verdscupen, den siste i Predazzo i januar 1993.
Petek overraska då han i ski-VM 1991 i Val di Fiemme gjekk heilt til topps i storbakkerennet, 1,2 poeng føre ein annan sensasjonsmann, norske Rune Olijnyk. Seinare i meisterskapen vart Petek nummer åtte i normalbakken, same plasseringa fekk han også i storbakken under Vinter-OL 1992 i Albertville.
Han la opp som skihoppar i 1995.
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slovenske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1994 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1991 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995