Juratsisk er eit uralsk språk. Det høyrer til den nordlege delen av den samojediske språkgreina. Andre nordsamojediske språk er nenetsisk, enetsisk og nganasansk.
Juratsisk døydde ut på 1800-talet, og vi har ikkje så mykje kjennskap til dette språket. Det stod i ei mellomstilling mellom nenetsisk og enetsisk, men kan likevel klassifiserast som eit eige språk.
Forskingshistorikk
Den primære kjelda til juratsisk er notatane til M.A. Castrén frå 1850-talet.
Kategori:Samojediske språk Kategori:Utdøydde språk i Asia Kategori:Einskildspråk