Triangelet (frå latin Triangulum) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Triangelet var eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet. Kartografane Johann Bayer og John Flamsteed katalogiserte stjernene i stjernebiletet og gav seks av dei Bayernemning.

mini|venstre|256px|Stjernebiletet Triangelet slik det er for det nakne auga.

Dei kvite stjernene Beta og Gamma Trianguli med tilsynelatande storleik på høvesvis 3,00 og 4,00, dannar grunnlinja i trekanten og den gulkvite Alfa Trianguli, med storleiksklasse 3,41, ligg i toppen. Iota Trianguli er ei kjend dobbeltstjerne, og ein kjenner til tre stjernesystem med planetar. Stjernebiletet har fleire galaksar, og den mest lyssterke og nærmaste av desse er Triangelgalaksen eller Messier 33 — eit medlem av Den lokale gruppa. Den første kvasaren som vart observart, 3C 48, ligg òg i Triangelet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Triangulum» frå , den 12. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

The Deep Photographic Guide to the Constellation: Triangelet Triangelet på Constellation Guide

Kategori:Stjernebilete Kategori:Nordlege stjernebilete Kategori:Stjernebilete oppførte av Ptolemaios