Nordazerisk eller nordaserbajdsjansk er eit tyrkisk språk som er offisielt språk i Aserbajdsjan og elles blir talt i tilgrensande regionar i nabolanda Armenia, Georgia og Russland . 6,1 millionar aserbajdsjanarar skal ha språket som førstespråk (2001).Ethnologue – languages of the world I Aserbajdsjan blir språket skrive med latinske bokstaver; i nabolanda kan språket òg bli skrive med kyrillisk skrift.
Nokre vil rekne språket som ein dialekt av aserbajdsjansk, men ISO registerer søraserbajdsjansk og nordaserbajdsjansk som to atskilte språk. Talarane av dei to språktypane er rekna som éi etnisk gruppe.
Dei som brukar språket, kan kalle det for «Azərbaycan Türkcəsi» (aserbajdsjansk tyrkisk).
Referansar
Kategori:Aserbajdsjansk språk Kategori:Språk i Aserbajdsjan Kategori:Einskildspråk