Johan Albert Svendsen Hoff () var ein norsk pressemann og stortingsmann frå Sandsvær i Buskerud. Han representerte partiet Venstre.
Hoff var son til ein gardbrukar. I sine yngre år gjekk han to kurs på folkehøgskular. Han vart redaksjonssekretær i Drammen i 1891, året etter fekk han stilling som redaktør av avisa «Tunsbergeren» i Tønsberg. Hoff var medlem av Tønsberg bystyre 1898-1907 og frå 1911, og var ei tid varaordførar.
Hoff representerte bykrinsen Tønsberg på Stortinget perioden 1906-09. Han var då medlem av militærkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Folk frå Kongsberg