mini|Skovlhjul på land. Skovlhjul er ein type hjul som har skovler, det vil seie blad av tre eller metall, festa på utsida, parallelt med hjulakselen. mini|venstre|Skovlhjul akterut på ein elvebåt i USA. Slike hjul vert nytta til framdrift av skip eller båtar, såkalla hjuldamparar eller hjulbåtar, ved at motoren eller dampmaskina driv rundt skovlhjul som stikk ned i vatnet på kvar side av båten eller akterut på båten, og såleis så å seie padlar båten fram ved hjelp av dei skovlene som går gjennom vatnet. I storm og stor sjø fungerer skovlhjula dårleg i høve til å nytte propellar, som etter kvart og ganske kjapt utkonkurrerte skovlhjula. Men skovlhjul kan vere praktiske i grunne elvar.
Skovlhjul av ymse utformingar kan òg nyttast i elvar og vassdrag til å drive ulike maskiner ved hjelp av vasstraumen, og har då spesialnemningar som til dømes vasshjul, kvernkall, vasskall, turbin og anna.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hjul Kategori:Vassfartøykomponentar