D/S «Hordaland» var eit dampskip bygt i 1879 for Det Søndhordlandske Dampskibsselskab. Skipet kosta den gongen kr. 80 000 og den første kapteinen var kaptein Simonsen.
Skipet vart overteke av Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) i 1880. 25. mai 1915 vart skipet rekvirert av Den norske marinen (Bergensavdelinga) og vart nytta under første verdskrigen. 19. desember 1918 vart skipet returnert til HSD og var i teneste fram til 1936, då det vart seld til hogging ved Stavanger Skips-Ophugnings Co.
Kjelder Skipet.no
Kategori:Norske dampskip Kategori:Sjøfart i Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1879 Kategori:1879 i Noreg Kategori:Skip sluttsegla i 1936