Werner Werenskiold () var ein norsk geolog.

Werenskiold var professor i geografi 1925-53 ved Geografisk institutt ved Universitetet i Oslo som han òg styrte i tida 1917-53. Den største innsatsen gjorde han ved å utforme ei mest mogeleg eksakt universitetsundervisning i naturgeografi. Werenskiold utførte verdifullt arbeid som deltakar i dei norske Svalbard-ekspedisjonane 1918–24. Sumaropphalda på Svalbard 1917-25 danna grunnlag for hans dr.philos. i 1924 innan meteorologien vind og straum) på øygruppa. Han leia isbre-undersøkingane i Jotunheimen frå 1927. Han studerte bl.a. Telemarksuiten og Hedmarkgruppa og gav ut mange artiklar i fagtidsskrift. Som popularisator var Werenskiold særleg kjent ved Jorden (2 bd., 1934) og som medredaktør av Norge, vårt land (2 bd., 1937; 4. utg. 3 bd., 1958) og Jorden vår klode (4 bd., 1957).

Far hans var målaren Erik Werenskiold og broren var Dagfin Werenskiold. I studietida var naboen Fridtjof Nansen mentoren hans og tanten Fernanda Nissen inspirator, så det vart cand.real. i realfag ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1907 før han fekk fast stilling ved Norges Geologiske Undersøkelse 1907-17. Ved universitetet fortsette han som stipendiat 1910-15 og dosent 1915-25. Han skreiv fleire bøker.

Utmerkingar innvalt i Det Norske Videnskaps-Akademi 1926 æresmedlem av Oslo Geofysikeres Forening og Sydsvenska Geografiska Sällskapet i Lund. riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1955. Fleire stader er kalla opp etter han. På Spitsbergen finst Werenskioldbreen og Werenskioldfjellet og i Antarktis finst klippa Werenskiold Bastion.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Werner Werenskiold» frå , den 16. desember 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilde av Werner Werenskiold 19.11.1958, Oslo Museum

Kategori:Norske geologar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Bærum Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi