Den store hunden (frå latin Canis major) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. På 100-talet evt. førte Klaudios Ptolemaios stjernebiletet opp på lista over 48 stjernebilete, og det vert rekna blant dei 88 moderne stjernebileta. Både Den store hunden og Den vesle hunden følgjer stjernebiletet Orion, jegeren, over himmelen. Mjølkevegen passerer gjennom Den store hunden og fleire opne hopar ligg innafor grensene, mellom anna M41.

Den store hunden inneheld Sirius, den lyssterkaste stjerna på natthimmelen, kjend som «hundestjerna». Ho lyser sterkt fordi ho ligg nær solsystemet. Andre lyssterke stjerner i stjernebiletet ligg lengre unna med høgare luminositet. Med storleiksklasse 1,5 er Epsilon Canis Majoris (Adhara) den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet og den sterkaste kjelda til ekstrem ultrafiolett stråling på natthimmelen. Vidare kjem den gulkvite superkjempa Delta (Wezen) med 1,8, den blåkvite kjempa Beta (Mirzam) med 2,0, dei blåkvite superkjempene Eta (Aludra) med 2,4 og Omicron1 med 3,0, og den kvite, spektroskopiske dobbeltstjerna Zeta (Furud), òg på 3,0. Den raude hyperkjempa VY Canis Majoris er ei av dei største stjernene ein kjenner til, medan nøytronstjerna RX J0720.4-3125 har ein radius på berre 5 km.

Eigenskapar mini|300px|Canis Major i Uranias spegel, ei rekkje kort med stjernebiletet publisert i London kring 1825. Ved sidan av er Haren og Dua (delvis avskoren). Den store hunden er eit stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula om sommaren (eller den nordlege himmelhalvkula om vinteren), og grensar til Einhyrningen (som ligg mellom Store og Vesle hunden) i nord og Akterstamnen i aust og søraust, Dua i sørvest og Haren i vest. Trebokstavarforkortinga for stjernebiletet, som har vore nytta av International Astronomical Union sidan 1922, er 'CMa'. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart definert av Eugène Delporte i 1930. Stjernebiletet dekkjer 380 kvadratgrader, eller 0,921% av himmelen, og er det 43. største stjernebiletet.

Kjende objekt mini|venstre|Stjernene i Den store hunden slik dei er for det nakne auga. Ein har lagt på linjer for å syne biletet tydelegare.

Stjerner Den store hunden er eit markant stjernebilete fordi det inneheld mange lyssterke stjerner. Desse omfattar Sirius (Alfa Canis Majoris), den mest lyssterke på heile natthimmelen, og tre andre stjerner over storleiksklasse 2,0. I tillegg er det to andre stjerner ein trur har vore meir lyssterk enn alle andre stjerner på himmelen - Adhara (Epsilon Canis Majoris) som hadde ein storleiksklasse på -3,99 for kring 4,7 million år sidan, og Mirzam (Beta Canis Majoris) som hadde −3,65 for kring 4,42 millionar år sidan. Ei anna stjerne, NR Canis Majoris, vil bli den mest lyssterke med ein storleiksklasse på −0,88 om kring 2,87 millionar år.

Sirius er både den mest lyssterke stjerna på natthimmelen med tilsynelatande storleiksklasse −1,46 og ei av dei mest nærliggande stjernene til jorda med ein avstand på 8,6 lysår. Namnet kjem frå det greske ordet som tyder «gloande» eller «brennande». Sirius er òg ei dobbeltstjerne. Følgjestjerna Sirius B er ein kvit dverg med storleiksklasse 8,4, eller 10 000 gonger svakare enn Sirius A for observatørar på jorda. Dei to krinsar rundt kvarandre kvart 50. år. Dei var nærast kvarandre sist gong i 1993 og vil vere lengst frå kvarandre ein gong mellom 2020 og 2025. Sirius danna grunnlaget for den gamle egyptiske kalenderen. Stjerna markerte munnen på Den store hunden i stjerneatlaset til Bayer.

Ved sidan av Sirius er Beta og Gamma Canis Majoris. Beta vert òg kalla Mirzam eller Murzim, og er ei blåkvit Beta Cephei-variabel stjerne med storleiksklasse 2,0. Dette varierer med nokre få hundredelar over ein periode på seks timar. Mirzam ligg 500 lysår frå jorda og det tradisjonelle namnet tyder «annonsøren», fordi plasseringa gjorde at ho «annonserte» Sirius, då ho stig opp nokre få minutt før Sirius. Gamma, som òg vert kalla Muliphein, er ei meir lyssvak stjerne med storleiksklasse 4,12, i røynda ei blåkvit kjempe med spektralklasse B8IIe og ein avstand på 441 lysår frå jorda. Iota Canis Majoris, ligg mellom Sirius og Gamma, og er ei anna stjerne klassifisert som ein Beta Cephei-variabel, med storleiksklasse frå 4,36 til 4,40 over ein periode på 1,92 timar. Ho er ei fjerntliggande, blåkvit superkjempe med spektralklasse B3Ib, kring 46 000 gonger så lyssterk som sola, og 2500 lysår unna, 300 gonger lenger borte enn Sirius.

Epsilon, Omicron2, Delta og Eta Canis Majoris vart kalla Al Adzari «jomfruene» i arabisk mellomalder. Som høgrelåret til hunden i atlaset til Bayer er Epsilon Canis Majoris, òg kalla Adhara. Med storleiksklasse 1,5, er ho den nest mest lyssterke stjerna i Den store hunden og den 23. mest lyssterke på himmelen. Ho er ei blåkvit superkjempe med spektralklasse B2Iab, kring 404 lysår frå jorda. Denne stjerna er eit av dei mest lyssterke kjende ekstreme ultraviolette kjeldene på himmelen. Ho er ei dobbeltstjerne og følgjestjerna har storleiksklasse 7,4. Det tradisjonelle namnet tyder «jomfruene», og er overført frå ei gruppe av stjerner til Epsilon aleine. I nærleiken ligg Delta Canis Majoris, òg kalla Wezen. Ho er ei gulkvit superkjempe med spektralklasse F8Iab og storleiksklasse 1.84, kring 1605 lysår frå jorda. Det tradisjonelle namnet tyder «vekta» og ho er 17 gonger så massiv og 50 000 gonger så lyssterk som sola. Om ho hadde lege i sentrum av solsystemet, ville ho ha strekt seg forbi jorda, sidan diameteren er 200 gonger så stor som soldiameteren. Ho er berre kring 10 millionar år gammal og har stoppa å fusjonere hydrogen i sentrum. Den ytre kappa har byrja å utvide seg og avkjølast, og i løpet av dei neste 100 000 åra vil ho verte ei raud superkjempe når kjerna fusjonerer tyngre og tyngre element. Når ho har ein kjerne av jern, vil ho kollapse og eksplodere som ein supernova. Mellom Adhara og Wezen ligg Sigma Canis Majoris, kjend som Unurgunite for Boorong- og Wotjobaluk-folket. Dette er ei raud superkjempe med spektralklasse K7Ib som varierer mellom storleiksklassane 3,43 og 3,51.

Eta Canis Majoris vert òg kalla Aludra og er ei blåkvit superkjempe med spektralklasse B5Ia og ein luminositet 176 000 gonger og diameter kring 80 gonger sola. Aludra er klassifisert som ei Alfa Cygni-type variabel stjerne og lysstyrken varierer frå storleiksklasse 2,38 til 2,48 over ein periode på 4,7 dagar. Ho ligg 1120 lysår unna. Vest for Adhara ligg Zeta Canis Majoris eller Furud med storleiksklasse 3.0, kring 362 lysår frå jorda. Ho er ei spektroskopisk dobbeltstjerne, og komponentane har ein baneperiode på 1,85 år. Det kombinerte spekteret indikerer ei hovudseriestjerne med spektralklasse B2.5V.

Mellom desse stjernene og Sirius ligg Omicron1, Omicron2, og Pi Canis Majoris. Omicron2 er ei massiv superkjempe som er kring 21 gonger så massiv som sola. Ho er berre 7 millionar år gammal, og har brukt opp all hydrogen i kjernen og prosesserer no helium. Ho er ein Alfa Cygni-variabel med periodiske, ikkje-radielle pulseringar, som gjer at lysstyrken varierer frå storleiksklasse 2,93 til 3,08 over ein periode på 24,44 dagar. Omicron1 er ei oransje K-type superkjempe med spektralklasse K2.5Iab som er ei irregulær variabel stjerne, der den tilsynelatande storleiksklassen varierer mellom 3,78 og 3,99. Ho er kring 18 gonger så massiv som sola, og skin 65 000 gonger så kraftig.

Nord for Sirius ligg Theta og Mu Canis Majoris, og Theta er den nordlegaste stjerna med ei Bayer-nemning i stjernebiletet. Ho er kring 8 milliardar år gammal og er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III. Ho er kring like massiv som sola, men har 30 gonger så stor diameter. Mu er eit fleirstjernesystem som ligg kring 1244 lysår unna, og komponentane er mogeleg å skilje frå kvarandre i små teleskop, som ei 5,3-storleiksklasse gulfarga og ei 7,1-storleiksklasse blåaktig stjerne. Den lysare stjerna er ei kjempe med spektralklasse K2III, medan følgjestjerna er ei hovudseriestjerne med spektralklasse B9.5V. Nu Canis Majoris er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 5,7, 278 lysår unna. Ho ligg ved grensa for kva som er mogeleg å sjå med det blotte auga. Ho har ei følgjestjerne med storleiksklasse 8,1.

Heilt sør i stjernebiletet ligg Kappa og Lambda Canis Majoris. Sjølv om dei har liknande spektrum og ligg nær kvarandre sett frå jorda, har dei ikkje tilknyting til kvarandre. Kappa er ei Gamma Cassiopeia-variabel med spektralklasse B2Vne, som vart 50% lysare mellom 1963 og 1978, frå storleiksklasse 3,96 til 3,52. Ho ligg kring 659 lysår unna. Lambda er ei blåkvit klasse B dvergstjerne i hovudserien med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,48 som ligg kring 423 lysår frå jorda. Ho er 3,7 gonger så brei og 5,5 gonger så massiv som sola, og skin med ein luminositet som er 940 gonger så stor.

Canis Major har òg mange variable stjerner. EZ Canis Majoris er ei Wolf–Rayet-stjerne med spektralklasse WN4 som varierer mellom storleiksklassane 6,71 og 6,95 over ein periode på 3 766 dagar. Årsaka til variasjonen er ukjend, men ein trur det er knytt til stjernevinden og rotasjonen til stjerna.The IUE Mega Campaign: Wind Structure and Variability of HD 50896 (WN5) Astrophysical Journal Letters 452 #1, s. L57 (oktober 1995) VY Canis Majoris er ei av dei største stjernene ein kjenner til. Ho er ei fjerntliggande, raud superkjempe som ligg kring 3800 lysår frå jorda. Estimata for storleik, masse og luminositet har variert frå 600 til 3000 gonger radien og 60 000 til 500 000 gonger luminositeen til sola. Ho vart obsevert i 2011 ved hjelp av interferometri med Very Large Telescope, som gav ein radius på 1420 ± 120 solradiar, ein overflatetemperatur på kring 3490 K (og derfor spektralklasse M4Ia) og ein luminositet 270 000 gonger sola sin. Den noverande massen er rekna å vere 9–25 solmassar, etter at ho har kasta frå seg 15-35 solmassar tidlegare. W Canis Majoris er ei raud kjempe kjend som ei karbonstjerne—ei halvregulær variabel, med storleiksklasse som varierer frå 6,27 til 7,09 over ein periode på 160 dagar. Ho er ei kjølig stjerne med ein overflatetemperatur på kring 2900 K og ein radius som er 234 gonger så stor som sola, og ein avstans som er estimert til 1444–1450 lysår frå jorda. I den andre enden når det gjeld storleik, finn ein RX J0720.4-3125, ei nøytronstjerne med ein radius på kring 5 km. Ho er særs lyssvak med ein tilsynelatande storleiksklasse på 26,6. Spektrumet og temperaturen har på mystisk vis endra seg over fleire år. Årsaka til endringane er ukjende, men det er mogeleg at endringa kjem av at stjerna har absorbert ei akkresjonsskive.

Tau Canis Majoris er eit Beta Lyrae-type formørkande fleirstjernesystem som varierer i storleiksklasse frå 4,32 til 4,37 over 1,28 dagar. Dei fire hovudkomponentane er varme klasse O-stjerner, med ein samla masse som er 80 gonger solmassen og ein luminositet som er 500 000 gonger så stor, men lite er kjend om kvar enkelt stjerne i systemet. Ein femte komponent, med storleiksklasse 10, ligg noko lenger unna, kring 13 000 AU. Systemet er berre 5 millionar år gammalt. UW Canis Majoris er ei anna Beta Lyrae-type stjerne som ligg 3000 lysår frå jord. Ho er ei formørkande dobbeltstjerne som varierer i storleiksklasse frå 5,3 til 4,8. Perioden er 4,4 dagar. Komponentane er to massive, varme og blå stjerner, ei blå superkjempe med spektralklasse O7.5-8 Iab, og ei noko kjøligare følgjestjerne, som er ei mindre utvikla og svakare superkjempe med spektralklasse O9.7Ib. Stjernene er 200 000 og 63 000 gonger så lyssterk som sola. Den svakre stjerna er derimot meir massiv med 19 solmassar, medan den største stjerna har 16 solmassar. R Canis Majoris er ei anna formørkande dobbelstjerne som varierer i storleiksklasse frå 5,7 til 6,34 over 1,13 dagar, med ei tredje stjerne som krinsar rundt desse to med ein periode på 93 år. Den korte perioden til dei to inste stjernene, kombinert med den lange perioden til den ytste, gjer dette til eit uvanleg Algol-type-system.