Carey Point er eit kupert nes heilt vest på Saunders Island i Sør-Sandwichøyane. Det vart kalla Rocky Point av mannskap på Discovery Investigations etter kartlegginga deira i 1930, men namnet vart sidan endra for å ikkje forveksle det med Rocky Point på Vindication Island. Carey Point vart tilrådd av UK Antarctic Place-Names Committee i 1953 og er kalla opp etter W.M. Carey som var kaptein på RSS «Discovery II» under kartlegginga.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carey Point» frå , den 3. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes på Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane