Bikjebukten eller Hound Bay er ei bukt mellom Tijuca Point og Cape Vakop langs nordkysten av Sør-Georgia. Namnet «George Bay» og «Hundebugten» har òg vore nedteikna på kart for denne bukta. South Georgia Survey, 1951–52, rapporterte at kval- og selfangarane kalla «Bikjebugten». Namnet Hound Bay vart foreslått av UK Antarctic Place-Names Committee og er ei engelsk omsetjing av det norske namnet.
Den 21. april 1982 gjekk britiske Special Boat Service i land ved Hound Bay frå helikopter frå HMS «Endurance», og gjorde eit forsøk på å krysse over til dei argentinske stillingane gjennom Sörling Valley til Cumberland East Bay, der dei vart drivne attende av snø og is 22.-24. april.
Kjelder
Kategori:Bukter på Sør-Georgia Kategori:Falklandskrigen i Sør-Georgia