Crane Cove er ei grunn vik mellom nordsida av Bailey Peninsula og ei øy utan namn lenger nord på Budd Coast. Vika har opning mot vest. Fleire låge skjer gjer at ein nesten kan gå tørrskodd frå Bailey Peninsula til øya. Desse skjera skil ho frå ei liknande vik litt lenger aust. Ho vart først kartlagd i februar 1957 av eit lag frå USS «Glacier». Namnet vart foreslått av løytnant Robert C. Newcomb, som var navigatør på «Glacier», etter elektrikaren Robert I. Crane i US Navy, som deltok under landmålinga.
Kjelder
Kategori:Viker i Wilkes Land