For en neve dollars (originaltittel Per un pugno di dollari) er ein italiensk westernfilm frå 1964 regissert av Sergio Leone. Dette var hans andre sjølvstendige spelefilm, og blir rekna som den første spaghettiwestern-filmen. Hovudrolla blir spelt av Clint Eastwood.

Den valdelege og biletsterke filmen byggjer på Akira Kurosawa sin japanske samuraifilm Yojimbo frå 1961, og utgjer den første filmen i ein trilogi som elles består av For noen få dollar mer frå 1965 og Den gode, den onde og den grusomme frå 1966.

For en neve dollars vart det kommersielle gjennombrotet til Leone, og gjorde samstundes den unge amerikanaren Clint Eastwood, som spelte hovudrolla som den tøffe, lakoniske, namlause antihelten, til verdsstjerne.Dagbladet Film På tilsvarande måte fekk filmkomponisten Ennio Morricone den første internasjonale suksessen sin med slåande og stilskapande musikk.

Handling Ein einsam namnlaus ryttar (spelt av Clint Eastwood) kjem fram til den vesle meksikanske byen San Miguel nær grensa til Arizona i 1872. Det er dødsstille i byen, men eit barn spring tvers over gata og ropar på mora si. Det er ei spent og mystisk stemning, og snart blir det klårt at dette skuldast to brutale bandar som held byen i eit jerngrep. Rolla til Eastwood blir snart innblanda i rivaliseringa og vel å ta opp kampen ved å spele bandane ut mot kvarandre.

Om filmen Filmen representerte på mange måtar eit vegskilje for western-sjangeren. Han skilde seg først og fram ut med brutaliteten sin, og hensiktane og moralen til helten var ikkje eigna å etterfølgje. Det var ikkje lenger så tydeleg kven dei gode og dei vonde var, slik som i tradisjonelle amerikanske westernfilmar.Aftenposten morgon – Guttedrømmene oppfyllast når helten ryddar opp (5.5.1969, s.4)

Det meste av filmen vart spelt inn i Andalucía i Spania.

Kritikarane Filmen vart særs godt motteke av kritikarane, noko som blir gjenspegla i at han har fått 98% på Rotten Tomatoes.Rotten Tomatoes

Aftenposten sin kritikar skreiv: «Det er lenge sidan vi har sett ein western som er ladd med så fortetta dramatikk». Han gav òg ros til rolletolkinga til Eastwood.Aftenposten morgon – God western (11.4.1967, s.8) Kritikaren på nettstaden CINERAMA gav han terningkast seks i 2005 og skreiv: «Alt i alt, så må ein berre gje seg ende over og nyte denne flotte filmen frå ende til annan».

Publikum Filmen har i alt spelt inn 11 millionar dollar på kino i USA, ca. 14 millionar dollar i Italia (1964–71) og ca. 7 millionar dollar i Spania. Han vart sett av 3,3 millionar i Spania.IMDb Business

I Noreg Filmen vart i første omgangen forbode i Noreg, men etter ein del klipp vart han tillate. Først vart ca. 200 meter klipte vekk av distributøren, sidan vart ytterlegare 80-90 meter klipt vekk av Statens Filmkontroll.Aftenposten aften – USA er bekymret for de økende voldstendenser i film (9.9.1967, s.7)

Rollebesetning Clint Eastwood : Joe Marianne Koch : Marisol Wolfgang Lukschy : John Baxter José Calvo : Silvanito Gian Maria Volontè : Ramón Rojo Sieghardt Rupp : Esteban Rojo Antonio Prieto : Don Miguel Rojo Margarita Lozano: Consuelo Baxter Josef Egger : Piripero Daniel Martín : Julián Bruno Carotenuto : Antonio Baxter Benito Stefanelli : Rubio Mario Brega : Chico

Sjå og For et par dollar mer Den gode, den onde og den grusomme

Litteratur

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «For en neve dollar» frå , den 21. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Omtale ved Bergen filmklubb

Kategori:Italienske filmar Kategori:Italienskspråklege filmar Kategori:Westernfilmar frå 1960-åra Kategori:Spaghetti-westernfilmar Kategori:Filmar frå 1964 Kategori:Filmar regisserte av Sergio Leone