Nyzealandmåse eller nyzealandmåke (Chroicocephalus novaehollandiae scopulinus), maori tarāpunga, er ein kystbunden sjøfugl i måsefamilien. Dette er ein underart av australmåse som er stadeigen for New Zealand, og lever langs kysten på begge hovudøyane og andre nærliggjande øyar, dessutan så fjernt som Chatham-øyane.
Skildring venstre|140px|mini|Vokalisering frå nyzealandmåse Nyzealandmåse er ein ganske liten måse med eit heilraudt nebb, raud augering, raude bein og føter, lysegrå venger med svarte vengetippar. Resten av kroppen og halen er kvit. Det er nesten ingen visuelle skilnader mellom hannfuglar og hofuglar. Umodne måsar har eit mørkt brunt nebb med berre svakt skjer av raudt. Beina er òg brune hos juvenile og det er brune flekker på dei grå vengene.
Han er den minste måsen av dei som ofte blir sett på New Zealand, ca. 37 centimeter i lengd og 260 til 300 gram i kroppsmasse, men hannen som den største.
Åtferdsmessig er nyzealandmåse ein typisk måse. Han er ein aggressiv åtseletar og er kleptoparasittisk. Etter at den europeiske busetjinga tok til å vekse fram i landet har populasjonen av nyzealandmåse auka, spesielt rundt kystnære byar der han kan søke føde frå urbant avfall. Han lever normalt på småfisk, skaldyr og ormar, og nokre gonger bær, øgler og insekt.
Dei hekkar frå oktober til desember i koloniar på kysten, anten på øyar eller fjellsider og strender. Fuglane dannar parforhold som varar over fleire hekkesesongar, men det er ei viss mengd ekstraparkopulasjonar. Matgåver i samband med kurtisering er ein viktig del av førebuingar til paring. Reira er godt utforma og kan vere konstruert av tong, gras, blad og andre planter. Vanlegvis er kullet på to til tre egg, farga varierer frå brun til grå med lyse og mørkbrune flekker over. Forventa levetid er 9 år for hofuglar 6 år for hannfuglar, lengste kjente levealder er minst 28 år.Heather og Robertson (2005)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Red-billed Gull» frå , den 21. november 2012.
Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005 BirdLife International (2012) Species factsheet: Chroicocephalus scopulinus . Henta frå http://www.birdlife.org den 21. november 2012. Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar endemiske for New Zealand