Johan Galtung () var ein norsk samfunnsforskar og professor i fred og konfliktløysing.
Galtung var fødd i Oslo og utdanna seg i sosiologi og matematikk. Han peika seg etter kvart ut som ein pioner i freds- og konfliktforsking, mellom anna ved å grunnleggja fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo, det første av sitt slag i Europa. Han var ei tid direktør for det internasjonale TRANSCEND-nettverket for fred og utvikling og grunnla Transcend-metoden. Han arbeidde som meklar i over 40 konfliktar, til dømes i Sri Lanka, Afghanistan, Nord-Kaukasus og Ecuador.
I 1987 fekk Galtung den såkalla «alternative Nobelprisen».
Galtung gav ut sjølvbiografien Johan uten land. På fredsveien gjennom verden, som han i 2000 fekk Brageprisen for. Han har òg gjeve ut barneboka En flyveappelsin forteller i 2004.
I 2011 vart Galtung skulda for antisemittisme etter eit foredrag ved Universitetet i Oslo og eit innlegg i tidsskriftet Fri Tanke der han mellom anna tala om «jødemakt».
Kjelder
Bakgrunnsstoff Articles Database (old) ved TRANSCEND International
Kategori:Norske samfunnsforskarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Vinnarar av Brageprisen