Gaza (arabisk غزة, Ġazzah, hebraisk עזה, Azzah; gammalgresk Γάζα), òg kalla Gaza by, er ein palestinsk by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt. Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.
Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredeleg stad og hamna blømde. I år 635 vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rettslære. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I dei påfølgjande hundreåra har Gaza slite med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar, og byen vart redusert til ein landsby på 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Den første halvdelen av det osmanske styret, kontrollerte Ridwan-dynastiet Gaza og under dei voks byen seg stor med mykje handel og fred. Kommunen Gaza vart grunnlagd i 1893.
Gaza fall til britiske styrkar under fyrste verdskrigen, og vart ein del av Palestinamandatet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, administrerte Egypt den nydanna Gazastripa og gjorde fleire utbetringar i byen. Gaza vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, men i 1993 vart byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta. I månadane etter valet i 2006, braut det ut ein væpna konflikt mellom dei palestinske, politiske fraksjonane Fatah og Hamas, noko som førte til at Hamas tok over makta i Gaza. Egypt og Israel innførte så ein blokade av Gazastripa. Israel letta på blokaden i juni 2010 og Egypt opna på ny opp grenseovergangen ved Rafah i 2011 for fotgjengarar.Gaza Benefiting From Israel Easing Economic BlockadeGaza Border Opening Brings Little Relief
Hovudnæringa i Gaza er småindustriar og jordbruk. Blokaden og dei stadige konfliktane har gjort dei økonomiske tilhøva særs vanskelege. Dei fleste innbyggjarane i Gaza er muslimar, men det finst òg ein kristen minoritet. Gaza har ein særs ung folkesetnad og kring 75 % av innbyggjarane er under 25 år gamle.
Etymologi mini|venstre|Gaza skyline
Namnet «Gaza» er først kjent frå militærdokument frå Thutmose III av Egypt på 1400-talet fvt. I følgje Shahin kalla egyptarane han Ghazzat («den lovprisa byen»), og dei gamle arabarane kalla han ofte Ghazzat Hashem, til ære for Hashim, oldefaren til Muhammed, som skal vere gravlagd i byen i følgje islamsk tradisjon.Shahin, 2005, s. 414. På semittisk er tydinga av namnet «barsk, sterk».
Historie Gaza har ei historie som går attende 5 000 år, og det gjer han til ein av dei eldste byane i verda.Dumper et al., 2007, s. 155. Han ligg langs kystvegen langs Middelhavet mellom Nord-Afrika og Levanten, og gjennom det meste av historia har han vore ei viktig transitthamn for den sørlege Levanten og ein viktig stoppestad for krydderhandel mot Raudehavet.
Bronsealderen Busetnaden i Gaza-området er datert attende til Tell es-Sakan, ei egyptisk borg bygd i kanaanittisk område sør for dagens Gaza. Det gjekk nedover med staden i tidleg bronsealder II då handelen med Egypt brått minka. Eit anna bysenter vart kalla Tell al-Ajjul og byrja å veke langs elva Wadi Ghazza. I mellombronsealderen blømde Tell es-Sakan på ny og vart den sørlegaste staden i Kanaan, der han tente som eit fort. I 1650 fvt., då kanaanitten Hyksos okkuperte Egypt, vart ein ny by utvikla i ruinane etter den første Tell as-Sakan. Men denne vart fråflytta på 1300-talet fvt., mot slutten av bronsealderen.
Antikken Gaza tente seinare som den administrative hovudstaden til Egypt i Kanaan.Michael G. Hasel (1998) Domination and Resistance: Egyptian Military Activity i Southern Levanten, Ca. 1300–1185 fvt. BRILL, ISBN 90-04-10984-6 p 258 Under regjeringstida til Tuthmosis III vart byen ein stoppestad langs den syrisk-egyptiske karavaneruta, og var nemnd i Amarnabreva som «Azzati». Gaza vart verande under egyptisk kontroll dei neste 350 åra, før han vart erobra av filistinarar på 1100-talet fvt., og vart ein del av deira «pentapolis». I følgje Domarane var Gaza staden der Samson vart fengsla av filistrane og døydde.Domarane 16:21
Etter å ha blitt styrt av israelittane, assyrarane, og så egyptarane igjen, var Gaza relativt sjølvstendig og blømde under persarane. Aleksander den store kringsette Gaza, den siste byen som gjorde motstand under erobrainga hans på veg til Egypt, i fem månader, før han omsider erobra byen i 332 fvt. Innbyggjarane vart anten drepne eller tekne til fange. Aleksander henta inn lokale beduinar til å busetje Gaza og organiserte byen som ein polis (eller «bytstat»). Gresk kultur sette så røter og Gaza fekk eit rykte som eit blømande senter for hellenistisk lærdom og filosofi.Ring and Salkin, 1994, s.287.
Gaza vart kringsett på ny i 96 fvt. av den hashmoneiske kongen Alexander Jannaeus som «fullstendig velta» byen, drap 500 senatorar som hadde flykta inn i Apollo-tempelet for å skjule seg.Patai, 1999, s. 149. Josefus skreiv at Gaza vart busett på ny under styret til Herodes Antipas, som dyrka venskapet med innbyggjarane frå Gaza, Ashkelon og arabarar i området, etter å ha blitt utpeikt som guvernør i Idumea av Jannaeus.Shatzman, 1991, s. 79. Byen vart ombygd etter han vart ein del av Romarriket i 63 fvt. kommandert av Pompeius Magnus, og Gaza vart så ein del av den romerske provinsen Judea. Byen vart eit mål for jødane under opprøret mot romarane i år 66 evt. og vart delvis øydelagd.Patai, 1999, s. 142. Han vart likevel verande ein viktig by, og i enno større grad etter øydelegginga av Jerusalem.Dowling, 1912, s.33.
Gjennom romartida var Gaza ein velståande by og fekk tilskot og merksemd frå fleire keisarar. Eit senat på 500 mann styrte Gaza, og eit mangfald av folkeslag, som filistrar, grekarar, romarar, kanaanittar, fønikarane, jødar, egyptarar, persarar og beduinar var busett i byen. Gaza prega sine eigne myntar med byster av gudar og keisarar avbilda. Under eit besøk i 130 evt., sette keisar Hadrian personleg i gang spel med bryting, boksing og oratoriske konkurransar på det nye stadionet i Gaza, som vart kjend frå Alexandria til Damaskus. Byen var utsmykka med mange heidenske tempel. Hovudkulten var for Marnas. Andre tempel var tileigna Zevs, Helios, Afrodite, Apollo, Atene og den lokale Tyche. Kristendomen byrja å spre seg i Gaza i 250 evt., mellom anna i hamenbyen Maiuma.Jennifer Lee Hevelone-Harper (1997) Disciples of the Desert: Monks, Laity, and Spiritual Authority in Sixth-century Gaza JHU Press ISBN 0-8018-8110-2 s. 11- 12Hagith Sivan (2008) Palestina in late antiquity Oxford University Press, ISBN 0-19-928417-2 p 337Andrea Sterk (2004) Renouncing the World Yet Leading the Church: The Monk-Bishop in Late Antiquity Harvard University Press, ISBN 0-674-01189-9 p 207Gerald Butt (1995) Life at the crossroads: a history of Gaza Rimal Publications, ISBN 1-900269-03-1 p 70 Ei stor synagoge fanst i Gaza på 500-talet, i følgje utgravingar.King David playing the Lyre , Israel Museum, Jerusalem Det vart fortgang på konverteringa til kristendom i Gaza under St. Porphyrius mellom 396 og 420. I 402, gav Theodosius II ordre om at alle dei åtte heidenske templa i byen skulle øydeleggast, og fire år seinare bestilte keisarinna Aelia Eudocia ei kyrkje på toppen av ruinane av Marnastempelet.Pringle, 1993, s.208 Det var i denne tida at den kristne filosofen Aeneas av Gaza kalla Gaza, heimbyen sin, «Asias Aten.»J.S. Tunison: «Dramatic Traditions of the Dark Ages», Burt Franklin, New York, s.11 Etter delinga av Romarriket på 200-talet evt., vart Gaza verande under Austromarriket. Byen blømde og vart eit viktig senter i Levanten.Kaegi, W. Byzantium and the early Islamic conquests, s. 95
Islamsk tid I 635 evt. vart Gaza raskt kringsett og erobra av Rashidunarmeen under general 'Amr ibn al-'As etter slaget ved Ajnadayn mellom Austromarriket og Rashidun-kalifatet sentralt i Palestina. Staden vart trudd å vere staden der oldefaren til Muhammed, Hashim ibn Abd Manaf var gravlagd, og byen vart derfor ikkje øydelagd av den sigrande Rashidunarmeen trass i hard og langvarig motstand. Då dei muslimske arabarane kom, vart det drastiske endringar i Gaza. Først vart somme av kyrkje omgjorde til moskéar, mellom anna Den store moskeen i Gaza (den eldste i byen), og mange av innbyggjarane konverterte raskt til islam, medan arabisk vart det offisielle språket.Ring and Salkin, 1994, s.289. I 767 vart Muhammad ibn Idris ash-Shafi'i fødd i Gaza og budde der i barndommen. al-Shafi'i grunnla ein viktig sunnimuslimsk rettsfilosofi (eller fiqh) kalla Shafi'i etter han.Gil, 1992, s.292. Tryggleik var nøkkelen for velstanden i Gaza. Sjølv om alkohol var bannlyst i islam, fekk dei jødiske og kristne samfunna lov å drive med vinproduksjon og druer, noko som skaffa byen store inntekter. Vinen vart hovudsakleg eksportert til Egypt. Fordi han låg ved grensa til ørkenen, var Gaza utsett for åtak frå nomadiske grupper.Sharon, 2009, s.17–18. I 796 vart Gaza øydelagd under ein borgarkrig mellom arabiske stammer i området.Dowling, 1913, s.37. På 900-talet var byen bygd opp att av det tredje arabiske kalifatet, styrt av abbasidane. Den arabiske geografen al-Muqaddasi skildra Gaza som «ein stor by langs hovudvegen til Egypt i utkanten av ørkenen.»al-Muqaddasi sitert i le Strange, 1890, s.442. I 977 vart det fjerde kalifatet styrt av fatimidane og dei oppretta ein avtale med seldsjukkane, der fatimidane fekk kontroll over Gaza og landområdet sør for byen, inkludert Egypt.Gil, 1992, s.349.
Europeiske krossfararar erobra byen frå fatimidane i 1100 og kong Baldwin III bygde ei borg som vart nytta av Tempelriddarane i Gaza i 1149. Han omgjorde òg Den store moskeen til St. Johannes-katedralen. I 1154 skreiv den arabiske reisande al-Idrisi at Gaza «er i dag ein særs folkerik by og i hendene på krossfararane.»Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s.442. I 1187 erobra ajjubidane, leia av Saladin, Gaza og øydela seinare festningsverka her i 1191. Rikhard Løvehjarta bygde visstnok nye festningsverk i byen i 1192, men murane vart rivne ned att i samband med Ramla-traktaten nokre månader seinare, i 1193. Ajjubide-styret enda i 1260, etter at mongolane under Hulagu Khan fullstendig øydela Gaza. Dette vart den sørlegaste erobringa hans.
Etter mongolane øydela Gaza, byrja muslimske slavesoldatar basert i Egypt, kjend som mamelukkar, å adminsitrere området i 1277. Mamelukkane gjorde Gaza til hovudstaden i provinsen som hadde namnet Mamlakat Ghazzah. Dette distriktet strekte seg langs kystsletta frå Rafah i sør til like nord for Cæsarea, og i aust heilt til høglandet i Samaria og Hebronfjella. Andre store byar i provinsen var Qaqun, Ludd og Ramla.Sharon, 1997, s.XII-XIII. Gaza gjekk inn i ein roleg periode under mamelukkane, og vart av dei nytta som ein utpost for åtak mot krossfararane, som enda styret sitt i 1290.Sharon, 2009, s.26. I 1294 øydela eit jordskjelv Gaza, og fem år seinare øydela mongolane igjen alt som var bygt opp att av mamelukkane. Den syriske geografen al-Dimashqi skildra Gaza i 1300 som ein «by så rik på tre at han ser ut som eit brokadeklede spreidd utover landskapet.» Under Sanjar al-Jawli vart Gaza omgjort til ein stor og velståande by, og mykje av arkitekturen frå mamelukktida er spora attende til regjeringstida hans, i 1311-1320 og igjen i 1342.Sharon, 2009, s.87.Meyer, 1907, s.83. I 1348 råka svartedauden byen, og tok livet av dei fleste innbyggjarane, og i 1352 vart Gaza råka av ein øydeleggjande flaum, som er sjeldan i dette elles så tørre området sør i Levanten.Ring and Salkin, 1994, s.290. Då den arabiske geografen og forfattaren Ibn Batutta vitja byen i 1355, skreiv han at byen var «stor og folkerik, og hadde mange moskear.»Ibn Batutta sitert i le Strange, 1890, s.442.