Kinn kyrkje ligg på øya Kinn i Kinn kommune i Vestland og vart bygd i tida 1150-1200. Kyrkja vart modernisert i 1868 og prøvd attendeført i 1911-1912. Kyrkja er hovudsakleg bygd i stein, i to byggjesteg. Ho er freda.

mini|venstre|Kinn kyrkje rundt 1910 Kyrkja ligg vêrhardt til ut mot storhavet på nordvestsida av øya, og har vore sett i samband med Sankta Sunniva-legenda. I fylgje segna var ei prinsesse Borni del av fylgjet til Sunniva som flydde Irland for å kome unna giftarmål med ein heidensk viking, og Borni og hennar del av fylgjet dreiv i land på Kinn.

Kinn kyrkje ligg i Kinn sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.

Sjå òg Kinnaspelet Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder

Fylkesleksikonet om Kinn kyrkje

Bakgrunnsstoff Om Kinn sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Sigurd Vederhus: «Kinnakyrkja» på nettstaden floraskulen.no Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjerbøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversikt over gravminne på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Kinn Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Kinn Kategori:Valkyrkjer i 1814