Kakapofamilien, Strigopidae, er ein biologisk familie av tre nolevande artar av nyzealandske papegøyar, alle endemiske for New Zealand. Dei finst i to biologiske slekter av papegøyefuglar, Nestor og Strigops som til saman utgjer familien.The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - Dec 2009 (Om side 134) Slekta Nestor samlar to nolevande papegøyeartar på New Zealand, hovudøyane, ein utdøydd art på Norfolkøya og ein mogleg tidlegare art på Chatham-øyane.Storrs L. Olson (editor) Avian Paleontology at the Close of the 20th Century: Proceedings of the 4th International Meeting of the Society of Avian Paleontology and Evolution Washington, D.C, 4-7 June 1996
Menneskeleg aktivitet har vore årsak til at av ein (to) artar blei utrydda, og nedgang i populasjonen av dei andre tre artane. Europeisk introduksjon av framande artar som gris og røysekattar som et egg frå bakken av hekkande fuglar, jakt, tap av habitat, og introduserte kvefs har ført til ytterlegare nedgang. Familien skilte seg frå alle andre papegøyar for rundt 82 millionar år sidan, då New Zealand braut ut frå Gondwana, medan forfedrane til slektene Nestor og Strigops skilte seg frå kvarandre for mellom 60 og 80 millionar år sidan.
Artsoversyn Det er tre overlevande artar og minst ein veldokumentert utdøydd art i slekta Nestor. Det finst lite kunnskap om kaka på Chatham-øyane, som kan ha vore konspesifikk med ein annan kakaart.
Nestor Kea, Nestor notabilis Kaka, Nestor meridionalis North Island kaka, Nestor meridionalis septentrionalis South Island kaka, Nestor meridionalis meridionalis Gullkaka, Nestor productus utdøydd (Chatham kaka, Nestor ...., mogleg tidlegare art, no utdøydd)
Strigops Kakapo, Strigops habroptila
StrigopidaeTrivialnamn(vitskapleg namn)status BileteSkildringUtbreiing og habitat Kea (Nestor notabilis) Sårbar - VUBirdLife International (2015) Species factsheet: Nestor notabilis. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.500x150px48 cm lang. For det meste olivengrøne med skarlakraude undervenger og undergump. Mørke kantfjører. Mørkt brunt nebb, iris, bein og føter. Hannar har lengre nebb. New Zealand: SørøyaHøgtliggande skogar og område med kratt 850–1400 moh. Kaka på Sørøya (Nestor meridionalis meridionalis) Sterkt truga - ENBirdLife International (2015) Species factsheet: Nestor meridionalis . Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.500x150px Liknar på underarten av kaka på Nordøya, men litt mindre, ljosare fargar, er krona nesten kvit, og nebbet er lengre og meir bua hos hannar. New Zealand: SørøyaUbrotne område med skogar av Nothofagus og Podocarpus, 450–850 moh. om sommaren og 0–550 m om vinteren. Kaka på Nordøya (Nestor meridionalis septentrionalis) Sterkt truga - EN500x150px Ca. 45 cm lang. Hovudsakleg olivenbrun med mørke fjørkanter. Karmosinraude undervenger, undergump og krage. Kinna er gyldenbrune. Krona er gråaktig. New Zealand: NordøyaUbrotne område med skogar av Nothofagus og Podocarpus, 450–850 moh. om sommaren og 0–550 m om vinteren. Gullkaka (Nestor productus) Utdøydd frå ca. 1851BirdLife International (2015) Species factsheet: Nestor productus . Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.500x150px Om lag 38 cm lang. For det meste olivenbrun overside, (raud-) oransje kinn og hals, stråfarga bryst. Lår, undergump og nedre del av buken er mørk oransje. Tidlegare endemisk for Norfolkøya og Phillip-øya i AustraliaSteinar og tre Kakapo (Strigops habroptila) Kritisk truga - CRBirdLife International (2015) Species factsheet: Strigops habroptila . Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.500x150px Store kompakte papegøyar 58–64 cm lange, hannar er større enn hoer, dei veg 2–4 kg som vaksne. For det meste grøne med brune og gule spetta tverrstriper, undersida er grøngul. Andletet er bleikt og ugleliknande. New Zealand: Maud Island, Chalky, Codfish og Anchor Islands Climax Nothofagus (kyst) and Podocarpus (conifer) skogar, gjenreist kratt, Danthonia grasland 10–1400 m moh.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «New Zealand parrot» frå , den 17. oktober 2012.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Papegøyefuglar Kategori:Fuglar endemiske for New Zealand