Vålerenga Fotball (VIF Fotball) er ein norsk fotballklubb frå Oslo. A-laget spelar i Eliteserien; «Vålerenga 2» spelar i 2. divisjon fotball for menn.
Klubben er underordna Vålerengens Idrettsforening (VIF). VIF blei stifta den 29. juli 1913 frå Idrætspartiet Spark. Klubben har røter i bydelen Vålerenga i Oslo. Klubbens stordomstider på fotballbanen var på 1960- og 1980-talet. Oppnamnet Bohemene skriv seg frå 1960-talet, då fleire store profilar spela for klubben. Vålerenga Fotball har blitt seriemeister 5 gonger og cupmeistrar 4 gonger (2008).
Supportergruppa Klanen er truleg den mest kjende supportergruppa i Noreg og har om lag 14 000 medlemmar. Tilskodarrekorden blei sett 23. oktober 2005 mot Rosenborg, med 24 894 personar. Spelaren med flest obligatoriske toppseriekampar for Vålerenga gjennom tidende er Tom Henning Hovi. Frå 1998 til 2006 spela han 178 kampar.
Noverande hovudtrenar er Dag-Eilev Fagermo.Ansatte Vålerenga Fotball Elite / Vålerenga. Vitja 1. juni 2020
Merittar Seriemeister i fotball 1965, 1981, 1983, 1984 og 2005. Cupmeister 1980, 1997, 2002 og 2008.
Kjende spelarar Adam Larsen Kwarasey Tore André Flo Cristian Grindheim Daniel Fredheim Holm Kjetil Rekdal Erik «Panzer» Hagen Ronny Johnsen Steffen Iversen Jørn Andersen Egil «Drillo» Olsen Nils Arne Eggen John Carew Freddy dos Santos Tor Brevik Pål Jacobsen Vidar Davidsen Rune Lange Jan Derek Sørensen Martin Andresen
Sjå også Vålerenga Fotball Damer Kjelder
Bakgrunnsstoff
Vålerenga På Nett, den største uoffisielle sida Klanen
Kategori:Fotballag frå Oslo Kategori:Fotballag skipa i 1913 Kategori:Bydel Gamle Oslo Kategori:1913 i Noreg