Zolotsjiv (ukrainsk Зо́лочів, polsk Złoczów) er ein by i Lviv oblast (provins) vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Zolotsjiv rajon (distrikt).

Zolotsjiv fekk bystatus 15. september 1523 av den polske kong Sigismund I den gamle. Han låg i Det rutenske voivodskapet i Det polsk-litauiske samveldet, og høyrte til fleire adelsfamiliar. I 1772, etter den første delinga av Polen, vart han annektert av Austerrike og i 1918, under første verdskrigen, gjekk han til Polen. Zolotsjiv, kjend som Złoczów, høyrte til Tarnopol voivodskap fram til det polske septemberfelttoget, då han vart okkupert av Sovjetunionen. I dag er han ein del av det sjølvstendige Ukraina.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zolochiv» frå , den 2. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Lviv oblast Kategori:Galizia Kategori:Shtetlar