Super Idol var den fyrste greske versjonen og sesongen av den britiske fjernsynsserien Pop Idol. Den fyrste sesongen vart send mellom 8. februar og 17. juni 2004, med Themis Georgantas som programleiar. Tevlinga vart vunnen av kyprioten Stávros Konstantínou.
På grunn av låge sjåartal valde Mega Channel å berre sende ei sesong. Georgiske Tamta, som enda på andreplass, oppnådde stor suksess og etablerte seg seinare i den greske musikkbransjen. Dommarane var Elena Katrava, Kostantis Spyropoulos og Ilias Psinakis.
Audition Det vart halde tre auditionar i 2004 før serien starta. Ein på Kypros, ein i Thessaloníki og ein i Aten. Vinnaren, Stávros Konstantínou, var frå Kypros, medan andreplassen kom frå Georgia. Saman spelte dei inn songen «To állo mou misó» på debut-EP-en til Konstantínou.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Super Idol» frå , den 1. oktober 2012.
2004 Kategori:Skipingar i 2004