Arnljot Eggen () var ein norsk lyrikar fødd i Tolga kommune og busett i Oslo. Han var son til forfattaren Eystein Eggen (1886-1973).

Eggen debuterte i 1951 med diktsamlinga Eld og is, og han har seinare utgjeve ei rad diktsamlingar. Litt annan litteratur har han òg bidrege med, som ungdomsbøker, viser og attdiking av utanlandske dikt.

Arnljot Eggen skreiv både bokmål og nynorsk.

Bibliografi Eld og is – dikt (1951) Jegeren – dikt (1955) Sendebod – dikt (1959) Sagasus i stasjonsbyen – prosa (1962) Eit hovud i havet – dikt (1965) Sovjetlyrikk frå Majakovskij til Jevtusjenko (medforfatter) – gjendiktning (1966) Roller og røynd – dikt (1967) Polsk etterkrigslyrikk: Den sjuande engelen (medforfatter) – gjenditning (1967) Obotunde Ijimere og Wole Soyinka: Når trommene tal – gjendiktning (1968) Sprekker i muren – dikt (1969) Baksideviser – viser (1970) Wolf Biermann: Songar til piggtråd-harpe – gjendiktning (1971) Lagnad sa vi – dikt (1972) Obotunde Ijimere: Fødd med eld på hovudet – gjendiktning (1972) Knaben-balladen og andre tekster – dikt (1974) Skrifta på veggen – viser (1976) Skulder ved skulder – dikt (1977) Dikt gjennom 30 år – dikt (1979) Dei nødvendige – dikt (1980) Den lange streiken – ungdomsbok (1981) Hei sveis – barnedikt (1984) Hanane på Kreta – barnedikt (1985) Jaroslav Seifert: Songen om epletreet – gjendiktning (1986) Wolf Biermann: Dra-dra – gjendiktning (1986) Vi er dei mange. Teater om arbeidsfolk – drama (1987) Kongsdatteren og røverne – barnebok (1988) Det flyktige varige – dikt (1988) Dikt mot det stumme – dikt (1993) Dikt i utval – dikt (1996) Eystein Eggen og skriftkulturen i fjellregionen – sakprosa (1996) Når fuglane frir (medforfattar) – barnebok (1996) Lengdesnitt – dikt, aforismer og viser (2003) I 1973 var han med på Pendlerne – eit gruppearbeid utført ved Nationaltheatret - gruppa har bestått av Arnljot Eggen (forfattar), Finn Ludt (komponist), Janken Varden og Stein Winge (instruktørar), Truls Kwetzinsky (scenograf), Lennart Lagerwall (dramaturg), Jan Hårstad, Helge Jordal, Kjell Kjær, Randi Koch, Nils Ole Oftebro, og Liv Thorsen (skodespelarar), Sigurd Haugen og Asmund Feidje (musikarar)

Prisar og utmerkingar Noregs Mållags barnebokpris 1963 (delt med Johannes Heggland og Knut Hauge) Dagbladprisen 1968 Melsom-prisen 1971, for Bakside-viser Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 1981, for Den lange streiken Doblougprisen 1985 (delt med Bergljot Hobæk Haff) Melsom-prisen 1989, for Det flyktige varige

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske visediktarar Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Folk frå Tolga Kategori:Folk frå Holtålen Kategori:Forfattarar frå Hedmark Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen