Michael John Cleote Crawford Mike Rutherford () er ein engelsk musikar. Han er mest kjend som bassist i rockebandet Genesis, som han var med på å starte. Rutherford spelte ofte rytmegitar og 12-strengsgitar for bandet i dei tidlege åra. Etter at Steve Hackett slutta i Genesis i 1977, spelte han òg gitar på studioalbuma til bandet, frå og med And Then There Were Three i 1978. I lag med Tony Banks er han den einaste som har vore medlem av bandet frå starten og til i dag. Rutherford skreiv tekstar til mange av songane til Genesis, inkludert somme av dei største hittane deira som «Follow You, Follow Me», «Turn It On Again», «Land of Confusion» og «Throwing It All Away». Han skipa òg Mike + The Mechanics i 1985. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.

Karriere Rutherford fekk gitartimar frå han var åtte år gammal og spelte i det første bandet sitt the Chesters ni år gammal.Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation. Faren hans, Crawford Rutherford, var kaptein i Royal Navy og vart industrileiar då han trekte seg frå tenesta. Rutherford starta på Charterhouse School då han var 13, og vart der med i bandet the Anon i lag med gitarist Anthony Phillips. 15 år gammal starta dei to Genesis i lag med Tony Banks og Peter Gabriel.

Rutherford nytta ofte effektar på bassen, og spelte til dømes plekter og fuzz-boks på songar som «The Knife» og «The Return of the Giant Hogweed». Rutherford spelte òg ein del 12-strengsgitar i bandet, særleg i den første tida av bandet.

Då gitarist Steve Hackett slutta i Genesis, spelte Rutherford all gitar i studio. På konsertane byta han mellom gitar og bass i lag med turnémusikar Daryl Stuermer. Stuermer spelte typisk gitar på songane som Hackett tidlegare hadde spelt på, og bass på songane laga etter Hackett slutta.

I pausar frå Genesis, spelte han inn to soloalbum, Smallcreep's Day og Acting Very Strange. Han var misnøgd med soloarbeidet sitt og avgjorde i 1984 at han ikkje skulle spele inn soloalbum igjen. På grunn av dette starta han i staden bandet Mike + The Mechanics under ein pause frå Genesis i 1985.

Mike + The Mechanics sine største hittar er «All I Need Is a Miracle», «Word of Mouth», «The Living Years», «Silent Running» og «Over My Shoulder». To help promote the song, Rutherford and the record label perpetuated the impression that «The Living Years» was inspired by Rutherford's relationship with his father, who died during Genesis's Invisible Touch Tour. In a 2004 interview, Rutherford confessed that the lyrics were in fact written by B. A. Robertson, and based entirely on Robertson's relationship with his father.

Rutherford samarbeidde òg med andre artistar, mellom andre venene Peter Gabriel og Phil Collins, på Against All Odds, der han skreiv songen «Making A Big Mistake».

Rutherford spelte under avslutningsseremonien for sommar-OL 2012 i London den 12. august 2012 som gjeste medlem i bandet til Ed Sheeran i lag med Pink Floyd-trommis Nick Mason på Pink Floyd-songen «Wish You Were Here».

Diskografi Genesis

Soloalbum Tittel Detaljar Plassering UK CAN USA NORMike Rutherford in Norwegian Charts, norwegiancharts.com. Henta September 27, 2011. Smallcreep's Day Utgjeve: 15. februar 1980 Selskap: Charisma Records, Passport Records (USA & Canada) 13 — 163 30 Acting Very Strange Utgjeve: 7. september 1982 Selskap: WEA, Atlantic Records (USA & Canada) 23 32 145 —

Med Mike + The Mechanics

Mike + the Mechanics (November 1985) The Living Years (October 1988) Word of Mouth (April 1991) Beggar on a Beach of Gold (6. mars 1995) Hits (4. mars 1996) M6 (31. mai 1999) Favourites/The Very Best Of (27. desember 2000) Rewired (7. juni 2004) The Road (18. april 2011)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 20. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Artikkel om Mike Rutherford's Shergold dobbelhalsa gitar World of Genesis.com om Mike Rutherford

Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Progressive rockegitaristar Kategori:Genesis-medlemmar Kategori:Mike + The Mechanics-medlemmar Kategori:Folk frå Guildford