mini|Skaldane kved for hæren til kong Olav, før slaget på Stiklestad. Illustrasjon av Halfdan Egedius (1877-1899). mini|Skalden Berse Skaldtorfuson kom i unåde hos kong Olav den heilage og vart lagt i lekkjer. Han kjøpte seg fri ved å gjere eit dikt (flokk) som kongen likte.Illustrasjon av Christian Krohg (1899). Skald (norrønt skáld) var nemninga på diktaren og historieforteljaren (talaren) i det norrøne samfunnet. Opphav og tyding av ordet «skald» er omdiskutert.Etymologisk ordbog av Falk og Torp (Oslo 1991) ISBN 8290520166 Skaldskap eller skaldedikting er ei av dei to hovudgruppene i norrøn poesi. Den andre er Edda-poesien.
Omdøme Skalden hadde oftast ein høg status i det norrøne samfunnet og han kom ofte frå ei mektig ætt. Mange skaldar var òg menn med stor makt og prestisje, som til dømes Bjarne Kolbeinsson som var ein mektig og rik biskop på Orknøyane og Skafte Toroddsson som var ein mektig hovding og lovseiemann på Island. Skalden kunne bli omtala som skaldmann (skaldmaðr) eller songdiktar (ljoðasmiðr) og ein kvinneleg skald vart kalla skaldkone (skaldkona) eller skaldmøy (skaldmær). Dei beste vart kalla hovudskald (höfuðskáld) eller storskald (Þjóðskáld), medan ein dårleg fekk omtale som ein «udugeleg skald» (skaldfifl).
Skaldane var ofte i teneste hjå kongane eller andre stormenn og dei hadde gjerne ein høg posisjon i fyrsten sitt følgje. Til dømes fekk Sigvat Skald tittelen stallare i hirda til Olav den heilage og Sturla Tordsson var skutilsvein (riddar) i hirda til Magnus Lagabøte. Skaldekvadet vart tillagt stor verdi og ofte lønt med verdfulle gåver i «brageløn», det kunne vere gullringar, gode våpen, praktfulle klesdrakter og reie pengar i sølv.I soga om Gunnlaug Ormstunge er det fortalt at kong Sigtrygg silkeskjegg ville gi Gunnlaug to knarrar i skaldeløn. Skattmeisteren hans meinte då at det likevel var for mykje, og Gunnlaug fekk i staden ei praktfull, ny skarlaksdrakt og ein særs verdfull gullring. Eit dikt kunne òg nyttast som skadebot, i staden for gull, og Arinbjørn herse brukte ein gong dette argumentet:Egilssoga, side 154: Arinbjørn sitt ordskifte med Gunnhild kongemor. «Om Egil har sagt vonde ord mot kongen, så kan han bøta det med slike lovord som vil minnast i alle tider».
Eigenskapar og opplæring Skaldskap var rekna som eit handverk og det å kunne gjere dikt er nemnt i sogene som ein av idrottane. Ragnvald jarl gjorde eit dikt om seg sjølv, der han skryt av at han kan ni idrottar; den niande var skaldeyrket.I diktet (ei lausavise) brukte Ragnvald jarl ordet bragþôttu som tyder: kunsten å gjere ei vise. Frå gamalt heitte det å dikte «å yrkja» (yrkja kvæði) og diktaren kunne kalle seg «smed» (ljoðasmiðr). Ein som skulle bli ein god skald, måtte ha særlege medfødde eigenskapar og stor livserfaring, men han måtte òg ha opplæring. Ein ung skald gjekk gjerne i lære hjå ein erfaren skald, slik som det er nemnt at Einar Skålaglam gjekk i lære hjå Egil Skallagrimsson. Skalden måtte gjennom eit grundig studium (nám) for å tileigne seg historiekunnskapar og kjennskap til samtidige fyrstar og livstilhøve i dei norrøne landa. Ikkje minst måtte han vere godt kjend med norrøn mytologi og han måtte lære seg dei ulike verseformene og dei poetiske omskrivingane (kjenningane).
Kven var dei Alle dei kjende skaldane var enten norske eller islandske. Det er òg eit særdrag at særs mange av dei kom frå det ein kan kalle skaldeslekter. Éi slekt var etterkomarane av Brage den gamle (Boddason), som vart kalla Gilsbekkingane, der ein t.d. finn Tind Hallkjellsson og Gunnlaug Ormstunge. Ei anna slekt var Kvelduvslekta (Myramennene) der ein finn Egil Skallagrimsson, Olve Nuva og Einar Skulason og fleire. Sturlungane si mektige slekt fostra mange skaldar, som til dømes Snorre Sturlason, Sturla Tordsson, Olav Tordsson (Kvitskald) og Steinvor Sigvatsdotter. Det er mange døme på at skaldeyrket gjekk i arv til son og soneson (eller dotterson) og at brør kunne begge vere dugande og kjende skaldar.
Mange skaldar hadde framståande stillingar i samfunnet, og i mange høve fekk dei høge ombod i kongen si hird. Det er mange døme på at skaldane reiste vide, både som handelsmenn og som pilegrimar til det heilage landet. Det var ikkje uvanleg at dei vitja kongar og stormenn i dei andre skandinaviske landa og England, der dei oftast vart tekne vel imot og vist stor vørdnad.
Dei eldste kjende skaldekvada blir tillagt skalden Brage den gamle og hans dikt «Ragnarsdråpa»Ragnarsdrápa av Brage den gamle (Skaldic Project) (om Ragnar Lodbrok) er kanskje det aller eldste skaldekvadet som er kjent. Brage var mest truleg norsk og levde på byrjinga av 800-talet. Men det fanst opplagt andre skaldar på hans tid og i SkaldatalSkáldatal på norrønt, frå is.wikisource er til dømes nemnt Erp lutande, Fleinn Hjørsson, Ulf Orage og fleire.
Ein kjenner til berre nokre få kvinnelege skaldar, som Jorunn Skaldmøy, Hild Rolvsdotter, Steinunn Revsdotter og Steinvor Sigvatsdotter. Sistnemnde er den einaste kvinnelege skalden som er nemnt i Skaldatal.
Kjelder for ettertida mini|Röksteinen i Östergötland har Nordens lengste runeinnskrift med 750 runer. Ei av storfene på steinen er i versemålet fornyrdislag. I den eldste tida vart hendingar, utsegn og skaldekvad ikkje nedskrivne, men vart hugsa og fortalt vidare frå generasjon til generasjon. Unntaka er dei anonyme runeinnskriftene, oftast var dei særs kortfatta men nokre av dei gir òg eit innblikk i skaldekunsten. Eksempel på dette er: innskrifta på RöksteinenRökstenen runestein i Östergötland i Östergötland, i versemålet fornyrdislag, datert til tidleg 800-tal. runeinnskrifta frå Urnes stavkyrkjeRun N 319 Runeinnskrift frå Urnes stavkyrkje , i verseforma drottkvætt, datert til slutten av 1100-talet. runeinnskrifta frå Årdal stavkyrkjeRun N 344 Runeinnskrift frå Årdal stavkyrkje datert til 1200-talet. Men langt dei fleste skaldekvada vart ikke nedskrivne, dei vart lærte og levde vidare på folkeminnet. Den faste, til dels rimbundne forma på skaldekvada gjorde at dei vart hugsa, og hugsa rett, og dei var ofte høgt verdsett for di dei kunne avgjere ettermælet for ein person, noko som var særs viktig for folk i norrøn tid. I HåvamålHåvamål omsett av Ivar Mortensson-Egnund, (Oslo 1996) ISBN 8252147100 er det uttrykt det slik (i vers 77): «Eitt eg veit som aldri døyr, dom om daudan kvar». Dette kunne sjølvsagt òg gjelde eit negativt ettermæle, som kunne skuldast eit nidvers.
I fortalen til HeimskringlaSnorres kongesoger red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390 skreiv Snorre sjølv mellom anna at ingen skald ville våge å kome med løgn og urette opplysningar om ein mann: «Det ville da vere hån og ikkje ros».
Kongar og stormenn hadde gjerne ein eller fleire skaldar knytt til seg, til dømes skal både kong Sverre og kong Harald Hardråde ha hatt ikkje mindre enn tretten av dei. Mange av skaldane fungerte som kongelege historiografar og skulle sørge for at liv og lagnad, og ikkje minst storverka til kongen, vart hugsa for ettertida. Slik vart skaldane sine dikt ofte den beste, og sikraste, kjelda for dei som seinare skulle skrive ned historiske hendingar. Dette ser ein ikkje minst i Snorre sitt historieverk, Heimskringla, der mykje av innhaldet er dikta av Snorre, men med dei grunnleggande fakta basert på opplysningar som han fann i dei gamle skaldeversa.
Skalden kunne nok i mange høve mistenkast for å prise ein konge mest positivt, og ikkje nemne slikt som han visste at kongen mislikte, men det hende òg at skalden kunne vere refsande, og han kunne uttrykke kritiske meiningar om ein person eller ei hending. I diktet «Bersoglisviser»Bersǫglisvísur av Sigvat Skald (Skaldic Project) retter Sigvat Skald ei kritisk åtvaring til kong Magnus den gode, og skalden Tjodolv Arnorsson hevdar i ei viseLausavise av Tjodolv Arnorsson (Skaldic Project) at kong Harald Hardråde baud ut hærtoget til England i 1066 «utan god grunn» (þarflaust).
Men skalden gjorde ikkje berre dikt om historiske personar og hendingar. Dei var òg diktarar, som poetane i vår tid, som kunne gjere dikt om kjensler, om sorg og glede. Særleg finn ein eit sterkt uttrykk for dette i Egil Skallagrimsson sitt lyriske dikt «Sonetapet» (Sonatorrek) der han uttrykker si sorg over tapet av sonen. Like uttrykksfullt er Odd Kikinaskald sitt vers om sorga han kjende etter at kong Magnus den gode var død.
Skaldekunsten mini|Framsida på eit Edda-manuskript frå 1764 (ÍB 299 4toEddamanuskript ÍB 299 4to, frå handrit.is). Skaldediktinga (skaldskapr) var nært knytt til norrøn mytologi og henta mykje av sine diktariske motiv derifrå. Det var guden Odin som var opphavet til skaldekunsten då han stal skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung og gav han til æsene og dei folk som kan dikte. I Håvamål er nemnt dette (vers 110): Suttung svikinn hann lét sumbli frá ok grætta Gunnlöðu.Suttung han sveik for skaldedrykken og Gunnlód sårt han grøtte Sonen til Odin, guden Brage, skal ha vore den største av alle skaldar.
Den eldste delen av dei norrøne skaldekvada er samla i bokverket som blir kalla Den eldre EddaEdda-kvede (Den eldre Edda) omsett av Ivar Mortensson-Egnund (Oslo 1964)Edda Store norske leksikon (Den poetiske Edda eller Sæmunds Edda). Det er ikkje kjent kven som opphavleg dikta eddadikta og dei fleste vart ikkje nedskrivne før på 1200-talet. Ein deler gjerne dikta i to grupper: Gudedikta, med motiv frå norrøn gudetru, mellom dei Håvamål. Heltedikta, dei fleste med motiv frå fellesgermanske segn og myter.
Omkring 1220 forfatta Snorre eit verk som blir kalla Snorre-EddaSnorre-Edda av Snorre Sturlason, omsett av Anne Holtsmark (Oslo 1950) eller Den yngre Edda, og det inneheld bolkane: GylvaginningGylvaginning frå www.heimskringla.no (norrøn tekst): gamle myter og dikt som skildrar opphavet til verda og gjer greie for den norrøne gudelæra. SkaldskaparmåletSkaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst) – innføring i skaldediktning med forklaring og døme på bruk av poetiske omskrivingar av ord og uttrykk. Håttatalháttatal dikt av Snorre Sturlason (Skaldic Project) (háttatal) er eit dikt på 102 strofer som er forma som eit læredikt i skaldskap og inneheld eksempel på dei ulike versemåla.
I Snorre-Edda gjorde Snorre greie for dei norrøne skaldane og dikta deira og gav forklaringar omkring versemål og biletspråk. Grunnleggande element i skaldespråket var bruk av poetiske omskrivingar: Heiti (heiti)heiti Store norske leksikon er poetiske nemningar, som til dømes: Odins son = Brage, landets verjar = konge Kjenning (kenning)kenning Store norske leksikon er ei poetisk omskriving. Ei enkel kjenning kan vere: fleinbrak = spydbrak = strid. Ei meir samansett er: bôru fáks ins bleika = bleike bårehestar = bleike (kvitmåla) skip. Enkelte kjenningar kan være særs komplekse, opp til 5 ordlekkar, og tolkinga kan krevje stor innsikt av lesaren.
I Snorre sitt arbeid vart samla all den kunnskapen som var naudsynt for å kunne bli ein god skald, men arbeidet hans var òg særs viktig for at folk, både i hans samtid og i vår tid, fekk tilgang til og full forståing av den norrøne skaldediktinga.
Diktformene Det finst mange ulike typer av skaldekvad, dei viktigaste og mest brukte var desse: Dråpadråpa Store norske leksikon (drápa), ein lang serie med strofer, med stev eller omkved etter kvar bolk, oftast i versemålet drottkvætt. Eit dikt til ein konge burde vere ei dråpa. Ei dråpa fekk ofte eit eigne namn, ofte knytt til personen ho handla om, til dømes «Eiriksdråpa», «Magnusdråpa» osb., men òg på grunn av andre årsaker, som «Vellekla» (diktaren var fattig), «Hovudlausen» (han dikta for å redde hovudet), «Hrynhenda» og «Rekstefja» (på grunn av innhald), og fleire. Flokk (flokkr), oftast eit kortare dikt enn dråpa og utan stev, òg kalla ei vise ( vísa, fleirtal: vísur) eller ein dræplingr (stutt dråpa). Lausavise (lausavísa), ei enklare, frittståande strofe, oftast improvisert for eit gitt høve.
Etter innhaldet kunne kvada bli karakterisert med ulik namn: