Laspipasset (russisk Ласпинский перевал) er det høgaste punktet på hovudvegen mellom Sevastopol og Jalta på Krimhalvøya. Frå fjellovergangen har ein utsyn over Ayjaneset og Laspibukta i Svartehavet, som ligg berre 700 meter mot sør. Passet er dominert av klipper kalla opp etter Nikolaj Garin-Mikhailovskij, ein russisk forfattar som støtta vegutbygginga. Ein annan attraksjon er eit ortodoks kapell til minne om Kristi fødsel. Passet vert stundom forveksla med Bajdarporten, ein fjellovergang som sjeldan vert nytta i dag.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Laspi Pass» frå , den 7. september 2012.

Kategori:Fjellovergangar i Ukraina Kategori:Geografi på Krimhalvøya