mini|Tarashytta Tarasåsen eller Tsjernetsja Hora (ukrainsk Чернеча гора; tyder Munkeåsen) er ein ås ved breidda av Dnepr nær Kaniv i Ukraina, der den kjende ukrainske diktaren og kunstnaren Taras Sjevtsjenko vart gravlagd i 1861. Han vart opphavleg gravlagd i Smolenskij gravplass i St. Petersburg. Åsen høyrer i dag til Kaniv kloster. Klosteret var gravstaden til fleire hetmanar av Ukraina.
Det var på Tarasåsen Oleksa Hirnyk brende seg sjølv til døde som ein protest mot den sovjetiske undertrykkinga av det ukrainske språket, kulturen og historia i 1978.Crimes of Communism Against Ukraina And Her People, Art Ukraine web-site Det skjedde på 60-årsjubileet for den første sjølvstendeerklæringa til Ukraina i 1918.
I dag er toppen ein del av Sjevtsjenko nasjonalreservat til minne om diktaren og eit populært turistmål. Ei kyrkje til minne om Sjevtsjenko (Tarasova Cerkva) er planlagt bygd på toppen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taras Hill» frå , den 6. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bilete av Tsjernetsja Hora på Kobzar
Kategori:Fjell i Ukraina Kategori:Museum i Tsjerkasy oblast