Kenenisa Bekele () er ein etiopisk langdistanseløpar som i tida 2003-09 vann tre olympiske gullmedaljar og fem VM-gull, fordelt med to på 5000 meter og seks på 10 000 meter. Perioden 2004-20 var han verdsrekordhaldar på begge distansane.
Aktiv Bekele tok i 2003 over som den fremste langdistanseløparen i verda. Han viste seg å vere særs uthaldande, og hadde i tillegg ei særeigen evne til å akselere opp farta, spurtsterk. Den 27. juni 2003 sigra han på 5000 m ved Bislett Games i Oslo på personleg rekord 12.52,2. To månader seinare spurtslo han landsmannen, verdsrekordhaldaren Haile Gebrselassie i milløpet under Friidretts-VM i Paris og sette personbeste 26.49,5. I Hengelo 31. mai 2004 sletta Bekele den seks år gamle verdsrekorden til Gebrselassie på 5000 m, med tida 12.37,5 var Bekele verdsrekordhaldar på distansen til Joshua Cheptegei sommaren 2020 noterte seg for 12.35,3. Åtte dagar seinare sletta Bekele også verdsrekorden på 10000 meter. I Ostrava vart han klokka i mål på 26.20,3, ei forbetring av Gebrselassie sin gamle rekord på drygt to sekund.
Under sommar-OL 2004 i Athen var Bekele utilnærmeleg på oppløpet på 10000 m, før han var spurtslått av legenden Hicham El Guerrouj på den halve distansen. I august 2005 vann Bekele milløpet ved verdsmeisterskapen i Helsinki, sterkt pressa av landsmannen Sileshi Sihine og fleire andre løparar. Tre veker seinare, i Brussel den 26. august 2005, presterte Bekele livsbeste 26.17,5 på 10000 meter. Tida var verdsrekord til Cheptegei i 2020 sprang mila på 26.11,0. I 2007 forsvarte Bekele VM-tittelen på 10000 m, som sist kom landsmannen Sihine på sølvplassen. Under sommar-OL 2008 i Beijing var Bekele uslåeleg og tok gull på begge langdistansane. Også frå VM i friidrett 2009 i Berlin reiste han med to gullmedaljar i bagasjen. Her vart han verdsmeister på 10000 meter for fjerde gong i rad. 5000-meteren gjekk lenge i labert tempo, så her vart Bekele sterkt pressa på oppløpet av sølvvinnar Bernard Lagat.
Etter eit langvarig skadeavbrot i 2010, nådde Bekele ikkje lenger sitt tidlegare nivå. Han deltok i sommar-OL 2012 i London der han vart fjerdemann på mila. Same sommaren vart han tildelt Bislett-medaljen for store idrettsbragder på Bislett stadion. Han deltok i maratonløpet under sommar-OL 2024 i Paris.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Gull på 10 000 m – 26.49,5, bronse på 5 000 m – 12.53,1 OL 2004 i Aten: Gull på 10 000 m – 27.05,1, sølv på 5 000 m – 13.14,5 VM 2005 i Helsinki: Gull på 10 000 m – 27.08,3, framom Sileshi Sihine (27.08,8) VM 2007 i Osaka: Gull på 10 000 m – 27.05,9, framom Sileshi Sihine (27.09,0) OL 2008 i Beijing: Gull på 5 000 m, 12.57,8 og 10 000 m – 27.01,1 VM 2009 i Berlin: Gull på 5 000 m, 13.17,0 og 10 000 m – 26.46,3 VM 2011 i Daegu: Braut 10 000-meterløpet OL 2012 i London: Nr 4 på 10 000 m – 27.32,4
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Kenenisa Bekele» frå , den 3. september 2012.
Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Etiopia Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Olympiske meistrar for Etiopia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009