Vize (gresk Βιζύη, bulgarsk Виза) er ein by og eit distrikt i provinsen Kırklareli i Marmararegionen i Tyrkia. Byen har kring 12 000 innbyggjarar, medan distriket har opp mot 30 000 (2010). Byen ligg 56 km frå Kırklareli og langs vegen mellom Istanbul og Edirne.

Vize vart i antikken kalla Bizye og var hovudstad for det antikke thrakiske kongedømet. På akropolisen på ein ås ovanom byen finst bygningar frå antikken og ei bevart austromersk kyrkje frå 400- eller 500-talet.

Galleri

Bakgrunnsstoff Kommunen si offisielle nettside Vize's Offisiell nettstad

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vize» frå , den 31. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Austromarriket Kategori:Turistmål i provinsen Kırklareli Kategori:Romerske stader i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Kırklareli Kategori:Byar i Tyrkia