Kemer er ein ferieby og eit distrikt i provinsen Antalya ved kysten av Middelhavet i Tyrkia, 40 km vest for byen Antalya langs Den tyrkiske rivieraen.

Kemer ligg ved Antalyabukta og har ei 53 km lang kystlinje med Taurusfjella bak. Kysten har eit typisk varmt, tørt middelhavsklima. Fram til tidleg i 1980-åra var området eit roleg, landleg distrikt, men i dag er Kemer og kystlandsbyane ein viktig del i turistindustrien i Tyrkia.

Kemer var kalla Eski Köy (Gammal landsby) fram til 1916 - 1917, då ein 23 km lang steinmur vart bygd for å veren byen frå flaum frå fjellelvane, som var eit stadig problem. Namnet Kemer syner til desse murane.

Fram til 1960-åra var det ikkje vegsamband til Kemer og distriktet var berre tilgjengeleg med båt. Utviklinga i området skaut først fart då vegen kom.

Klima Kemer har eit varmt middelhavsklima med særs varme, lange og tørre somrar og kjølige, regnfulle vintrar. Midt på sommaren når temperaturen ofte 40 °C.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kemer» frå , den 29. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Den tyrkiske rivieraen Kategori:Kystbusetnader i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Antalya Kategori:Turistmål i provinsen Antalya