Doğubayazıt (armensk Դարոյնք, Դարենից, Bazîd) er ein by og eit distrikt i provinsen Ağrı i Tyrkia, og det austlegaste distriktet i Tyrkia ved grensa til Iran. Byen ligg 1625 meter over havet og har kring 70 000 innbyggjarar (2010). mini|venstre|Ishak Pasha-palasset nær Doğubayazıt Byen ligg 15 km sørvest for fjellet Ararat, 93 km aust for byen Ağrı og 35 km frå grensa til Iran. Byen ligg på ei slette kring nokre av dei høgaste fjella i Tyrkia med Ararat (5137 m), Vesle Ararat (3896 m), Tendürek Dağı (3533 m), Kaletepe (3196 m) Arıdağı (2934 m) og Göllertepe (2643 m).
Vêret på sletta er varmt og tørt om sommaren og kaldt og tørt om vinteren.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Doğubeyazıt» frå , den 26. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Ağrı Kategori:Den iransk-tyrkiske grensa