mini|Sentrum av byen. Çanakkale hamn i Tyrkia i provinsen Çanakkale, på sørkysten av Dardanellane (eller Hellespont) på det smalaste punktet. Byen har kring 105 000 innbyggjarar (2010).Statistical Institute
Ferjeruta mellom Çanakkale og Gallipoli på den andre sida av Dardanellane knyter Istanbul og Izmir og er difor særs trafikkert. To kilometer frå Çanakkale ligg den antikke byen Abydos. Çanakkale er òg den moderne byen som ligg nærast den antikke byen Troja. Trehesten som vart brukt i filmen Troja er utstilt i byen.
Çanakkale var opphavleg eit osmansk fort med namnet Kale-i Sultaniye, «Fortet til sultanen». Byen vart seinare kjent for pottemakeriet sitt og namnet vart dermed Çanakkale, av çanak, «krukke», og kale, «fort».
Klima Çanakkale har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og kjølige og regnfulle vintrar.
<div style="width:70%">
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Çanakkale» frå , den 25. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Çanakkale nettstad
Kategori:Kystbusetnader i Tyrkia Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Tyrkiske hamnebyar ved Egearhavet Kategori:Busetnader i provinsen Çanakkale