Karadeniz Ereğli er ein by og eit distrikt i provinsen Zonguldak i Tyrkia, ved kysten av Svartehavet ved munningen av elva Kılıçsu. Byen har kring 100 000 innbyggjarar (2010).
Erdemir, det største stålverket i Tyrkia, ligg i Ereğli. Han har ei stor naturleg hamn.
I antikken vart byen kalla Heraklea Pontika etter den greske sagnhelten Herakles. Det tyrkiske namnet tyder 'Ereğli ved Svartehavet'.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karadeniz Ereğli» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Hamnebyar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Zonguldak Kategori:Kystbusetnader i Tyrkia