Nils Jakob Skulstad Hoff () er ein norsk roar som representerer Fana Roklubb. Han er også medlem av Team Tufte.

Karriere Nils Jakob Hoff ror dobbelsculler saman med Kjetil Borch. Dei to rodde seg til ein fjerdeplass i VM ved Lake Carapiro på New Zealand i 2010.Resultatliste på worldrowing.com Dette var Noregs beste prestasjon i roing sidan Olaf Tufte vann olympisk gull under sommar-OL 2008 i Beijing. Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen. Nrk.no, 31. juli 2012: Roerne var 0,4 sekunder fra finalen Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vannVG, 2 august 2012: Seier med bismak for dobbeltsculleren og enda på ein samanlagt sjuandeplass.

Nils Jakob Hoff har også vore aktiv som harpist, og har delteke med harpa på NRK-programmet Kjempesjansen.NRK-klipp med Nils Jakob Hoff

Kjelder

Kategori:Norske roarar Kategori:Norske harpistar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Roarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Roarar under sommar-OL 2016 Kategori:Folk frå Bergen